Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 21. juli 2017

Hyttelektyre

Sumartid er hyttetid for mange nordmenn. Eg har hytte i nabokommuna til Lom, Vang i Valdres, den nabokommuna som ligg lengst vekk. Lesetradisjonane ligg tjukt i veggane på hytta mi, eg tilhøyrer fjerde generasjon og vi har hatt med bøker i påske og sumarferier sidan 1925. Når sola skin er det støtt nok å gjera med vedlikehald og turar med og utan fiskestong. Men kva er vel betre enn ein regntung dag på ei hytte utan straum og fjernsyn? På regnversdagar er det ikkje mykje anna å ta seg til enn å lesa bøker med godt samvet. Så kva les vi på hytta? Kva slags bøker fraktar vi til fjells og let stå att i hyllane, er det litteratur som vi ikkje gidd ta med heim etter ferien, eller er det personlege favorittar som vi meiner alle andre skulle lesa?

Ranma som gut og som jente
Som liten gut las eg om att og om att alle Donald Duck & Co. frå 60 og 70-tallet kvar gong eg var på hytta. Nevøane mine elskar den japanske humor og kampsport manga-teikneserien Ranma 1/2 av Rumiko Takahashi, Ranma forvandles til ei jente når han får kaldt vatn over seg, og blir gut igjen når hun får varmt vatn over seg. Andre populære teikneseriar eg har satt att på hytta er Asterix, Lucky Luke og Tintin. Den eldste nevøen kosar seg med Terry Pratchetts Skrellingene (The Wee Free Men), fyrste bok i ungdomsserien om den unge heksa Petronella Pine som går føre seg i Pratchetts Skiveverden (Diskworld). Skrellingene, dei små, blå tjuvraddane som vart kasta ut av Alvelandet på grunn av fyll og bråk og fanteri, er Petronellas gode hjelparar.

Frå mine tidlege vaksenår står det att haugar av fantasy frå forfattaren Michael Moorcock, han fann eg gjennom musikken då han har samarbeida med rockegruppene Hawkwind og Blue Oyster Cult, bror min og eit syskjenborn har også vore gjennom desse.

Dei siste åra har eg fordjupa meg i barndommens og vaksenlivets favorittar på hytta. Eg har lese (og satt att) Narnia bøkane av C. S. Lewis, og Kjell Askildsens stutte, men store, samla verk. Narnia trur eg har fått stå i fred, men resten av familien har funne ut kor bra Askildsen er. Tove Janssons Mummitrollbøker lånte eg på biblioteket for nokre sommarar sidan, dei er særs gode også for vaksne og anbefales på det varmaste. Eg vil og anbefale Tove Janssons teikneseriestripar om Mummi frå 1953 og utover, samt hennar fantastiske vaksenbok med det passande namnet for årstida - Sommerboken.

BibliotekAre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar