Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 7. juli 2017

Kva har vi gjort for faglitteraturen i dag?


Sommartid er tid for kassering, opprydding og opprensking i biblioteket. I går la underteikna siste hand på verket i fagavdelinga. Det er atter luft i hyllene. Dei profilerte står og skin stille og som eplekarten ventar dei på at nokon skal koma og plukke med seg akkurat dei. Til kaffien i dag tidleg kom BibliotekAre og eg inn på dette temaet. Vi synest det blir utlånt for lite sakprosa. Kvifor er det slik? Og kva kan vi gjera for faglitteraturen?

Bibliotekgjestar flest er nok som bibliotekarane sjølve. Dei er fyrst og fremst ute etter skjønnlitteratur som fritidslesand. Men det finst da ein god del lånarar som tek turen innom fagavdelinga òg. Dei mest populære hyllene er hyllene med hobbybøker. Strikke- og heklebølgja som rir landet har resultert i eit utal bøker som utgjer ein stor del av utlånet av sakprosa. Litteratur om 2. verdskrigen står fortsatt sterkt, og vi har lånarar som les alt som kjem ut om Krigen. Elles er reisebøker populære, bøker om mat og helse og sjølvhjelp.

Men trass dette synest vi at bøkene i fagavdelinga fortener fleire lesarar. Vi reflekterte vidare over dette i ljos av internettet sitt inntog. Vi tenkjer at nettet er ein knallhard konkurrent til faglitteraturen, i større grad enn til skjønnlitteraturen som dei fleste fortsatt føretrekkjer i bokform på papir. I staden for å lesa tjukke biografiar og grundige innføringar i saker, vel nok dei fleste av oss nå heller lette, kortfatta artiklar som poppar opp på telefonen i sofakroken.

Kva kan vi så gjera for faglitteraturen i biblioteka?
Vi kan presentere han i utstillingar og i pent ordna, innbydande hyller, noko vi har gjort eit forsøk på nå etter kasseringa og umvetla.

I haust skal vi ha to arrangement der vi har invitert faglitterære forfattarar til å koma for å prate om bøkene sine. Den 21. september kjem Thor Gotaas som har stått på ynskjelista vår lenge. Han er folklorist, forfattar og ein ynda føredragshaldar og har skrive bøker om bl.a. ski, løping, taterar og andre outsidarar. Den 5. oktober kjem "vår eigen" Hans Morten Synstnes og vil prate om arbeidet med boka "Den innerste sirkel" som var med blant fjorårets beste bøker i Morgenbladet si kåring. Det synest vi er stor stas, og vi gler oss til han kjem heim til Lom for å presentere boka og arbeidet sitt.

Kva gjer så bibliotekarane sjølve for faglitteraturen? Vi måtte innrømme at det ikkje er det fyrste vi grip til. Det er jo så mykje skjønnlitteratur som berre må lesast! Men til ferien har vi begge lånt med oss bøker frå fagavdelinga! Opptil fleire! BibliotekAre skal dyrke si musikkinteresse og har lånt bøkene om sine favoritt-pønkeband Kjøtt, De Press og The Aller Værste! av ingen ringare enn forfattarane Bernt Erik Pedersen, Stig Sæterbakken og Yngve Knausgård.

Underteikna går i ungdommen, attende til utklippsarkivet med heltane Ivan "den grusomme" Lendl og Martina Navratilova og dei ufatteleg spennande ballvekslingane si tid på åttitalet, og har lånt boka om Wimbledon. I tillegg skal ho førebu seg på finske dagar og netter og fortset sin lesestafett i Afrika der ho så langt i sommar har reist frå Angola til Algerie og nå set kursen mot Libya. Her fall ho for den svært så tiltalande framsida på boka Hjemkomsten, så iblant er det viktig å få snudd bøkene og synt fram desse.

Og blant bibliotekarane sine favorittar har ho denne veka stilt ut ein av sine største, den på absolutt alle måtar vakre brevvekslinga mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Denne må vi sjå til å få lånt ut i dag! Dagens bibliotekariske morgonstund ebba ut i temaet brevbøker, det vakre med handskrivne brev og forhold som utvikla seg sakte, men sikkert, at dette sannsynlegvis er ein utdøyande sjanger, både breva og denne typen forhold, i den digitale tid der alt går så fort og er så flyktig og likes og hjarte hjarte hjarte og teflon og anna elendigheit som vi, dei gamle av sinn, svelgde ned med den siste supen kaffi.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar