Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 16. juni 2017

Lucky Luke

Luke Storey. Read his story!
Onsdag kveld kom ein ung mann og banka på bibliotekdøra. Free wifi? Open till seven? Perfect, smilte han og tusla ut etter oppakninga si. På slaget seven takka han for seg og gjekk han pent og pynteleg ut. Men da bibliotekaren rusla heim langt om lenge etter stengetid, sat den blide karen framleis utanfor biblioteket med ein mildt sagt solid sykkel og ein ikkje ubetydelege bike packing. Are the library open tomorrow? Of course! Perfect! See you!

I dag kom han att og blir med det den fyrste av bibliotekgjestane denne sommaren som får historien sin på bloggen vår. So here we go.

Luke Storey er 25 år gammal. Han kjem frå byen Ocean Grove i Australia og har vore ute på landevegen med sykkelen sin i nesten to år. Før dette studerte han økonomi, hadde sikker og godt betalt jobb i oljebransjen og levde eit komfortabelt liv i Brisbane. Men etter kvart kjendest livet litt for komfy. Oftare og oftare fekk han kjensla av at livet slik han ville leva det, ikkje hadde begynt. Etterkvart tok han denne påtrengande kjensla på alvor. Han sparte pengar, sa opp jobben, took what he could carry, left the rest og hoppa på fyrste og beste fly til Mexico. Etter nokre månader med tacos og guacamole over there, fann han seg sjølv på sykkelsetet klar til å "bikepacke" verda med "No time frame. No destination" som det styrande prinsipp.

Han ville leva i det vakraste verda kunne by på. Han har sykla Himalaya, sykla seks månader i Alpane, vore polarrev-guide på Island og denne sommaren står Skandinavia for tur. For to veker sidan kom han til Oslo, sette kursen mot Valdres og Fagernes, tråkka seg vidare over Valdresflya med 123 kilos ekvipasjen og kom til Lom for eit par tre dagar sidan.

Luke lever på lågbudsjett, nærare bestemt 30 til 40 kroner om dagen, og set difor stor pris på biblioteka, spesielt dei som held ope om sommaren. På biblioteka brukar han nettilgangen til å oppdatere si digitale side. Heimeside, youtube og Instagram er viktige delar av livet hans der han held kontakt med og deler opplevingane sine med omverda.

Han ser på dette bikepackertilveret meir som ein livsstil enn som ein tur og innrømmer at han har blitt avhengig av det frie livet og gruar seg til å reise attende og leva eit A4-liv på ein plass. Han har hatt gode erfaringar med å stramme livreima og kallar det a good life lesson. Han lever på ekstremt lite, men får meir ut av livet enn nokon gong. Noko å tenkje på for nokon og ein kvar av oss. Vi ynskjer den hyggelege fyren lykke til vidare langs livets landeveg og håpar han kjem til rett så mange opne bibliotekdører i sommar. Lucky Luke.

Rita

1 kommentar: