To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. juni 2017

Kulturfondsmisjon langs landevegen -og årets mest etterlangta sjølvi

Linn og bokmeter`n vi presenterte sist veke.
Med 15 år i teneste for bøker og bibliotek, har eg med stigande interesse fulgt utviklinga innan kulturfondsordninga. Som ufaglært bibliotekar undra eg meg rett som det var over bøkene eg opna i gåveaskane vi fekk tilsendt frå Kulturrådet. Mykje tykte eg var pussig, andre ting heilt uforståeleg, medan andre igjen verka for å vera gjenomsnittleg ordinære utgjevingar. Kva var eigentleg denne ordninga, og kva var mi oppgåve i dette? 

På Kulturrådet sine sider står det å lese om ordninga, som vart oppretta på 60-talet:

"Et av Kulturrådets viktigste mål er å legge til rette for bredde i all kunst og kultur, og bidra til at det som skapes når ut til publikum over hele landet. Litteratur på norsk må gis rammevilkår som sørger for at en grunnleggende ytringsfrihet blir sikret og at en sammensatt norsk litteratur av høy kvalitet fortsatt blir skrevet og når ut til publikum over hele landet"

"Målet med fondets støtteordninger til litteratur er å sikre et bredest mulig tilbud av nye bøker og nye norske tegneserier"


Etter kvart som eg vart varmare i underskjorta og trygg på mine kunnskapar og haldningar til bibliotek og kultur, voks det fram eit brennande kall i høve ordninga, som i år totalt spanderer heile 121, 6 millionar kroner på innkjøpsordninga for litteratur for barn og vaksne. Eg såg eg det som mi oppgåve å fungere som eit bindeledd mellom bøkene og folket, og kjende på ei plikt til å halde meg oppdatert på bøkene som jamnleg vart tildelt oss som bibliotek. Eg må vedgå at eg kunne streve litt med haldningar til dei heilt smale utgjevingane, men såg snart rikdomen i mangfaldet denne ordninga gav. For brorparten av desse bøkene såg eg at livet vart einsamt og lite kjent ved at vi berre registrerte dei, sette dei i hylla og venta på at dei skulle bli utlånt. Ein framand rygg i ei bokhylle er omtrent like attraktivt som ein anonym sokk i haugen av nyvaska klede -det fristar meire med dei fine, fargerike, eller kanskje dei gode velbrukte som har vore med ei stund. Som bibliotek laut vi prate om desse bøkene, ta dei fram i dagen, stille dei ut og gje dei ein sjanse i mylderet av alle bestseljarane.

Blidaste sjåføren med vakraste utsikta.
Dei tre-fire siste åra har vi i Lom tatt dette steget enno litt lengre, og reist ut og formidla bøker frå denne ordninga til andre enn berre våre eigne lånarar. Dei to siste åra har eg vore så priviligert at forfattar Linn T. Sunne har teke meg med på laget sitt, og vi har no turnert breitt og vidt i teneste for kulturfondsbøkene. Denne vinteren har vi formidla bøker på bortimot alle folkebiblioteka i Oppland, samt for bibliotekarar i heimefylket, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Dei to sistnemnde fekk førre veka presentert rundt 40 bøker, eit utval basert på eit tilfeldig og ganske subjektivt utval bøker vi sjølve har hatt stor glede av å lese. Dei fleste av desse er bøker som hos mange bibliotek truleg ville stått bortimot urøyvde i hyllene før kasseringsskrømtet hadde kome og teke dei. Og ikkje uventa var det veldig få bibliotekarar som hadde lese bøkene vi hadde med i veska. Dermed er vår misjon i mine augo viktig og riktig.

Litterære misjonærar i bløming -eller..?
Alle desse formidlingsoppdraga har vi i år gjennomført som privatpersonar utanom arbeid, då det ikkje ligg i jobben vår å reise rundt med formidling på dette viset. Full jobb med nesten 30 formidlingsoppdrag utanom har synt seg å bli litt i meste laget for ein som bur grisgendt til, og eg ønskjer at biblioteknoreg ser på dette som ei viktig prioritering i alt virvaret med arrangement og debattar vi også må stå i til dagleg. Eg ønskjer at litteraturen skal stå i høgsetet, og at ordninga Kulturrådet representerer må takast på alvor. Sjølv om eg altså ikkje er faglært bibliotekar.

Når vi først har valt å ta landevegen fatt med bøker i taska, er vi utruleg privilgerte som har sjølvaste Noreg å reise rundt i! Vi takkar for alle oppdrag, eg takkar mentor Linn for all støtte, lærdom og tullprat, Oppland fylkesbibliotek for økonomisk støtte til formidling i folkebiblioteka, og alle menneska vi har møtt som tolmodig har høyrt på oss, og som no gjev dei skjulte perlene ein sjanse i ein digital kvardag. På tampen her kan de nyte litt av det eit par litterære misjonærar kan oppleve på ein liten turné til eit sommarleg Vestland -inkludert ein sårt etterlengta sjølvi, som vi endeleg fekk tatt. God ferie til alle elevar som i dag har tømt skulesekken for denne gong!

Vassfall i sommargrøne Jølster

Parken ved Vestnes Friviljugsentral

Vestnes brygge

Åndalsnes

Norsk tindesenter, Åndalsnes.

Til og med Linn blir lita attmed fjella i Raumadalen...

Endeleg fekk vi til sjølvien! ...men då hadde Linn gått lei...
Bloggar som sjeldan tek sjølvi: Merete





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar