To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 9. juni 2017

Littrarturfestival

Det er veldig lenge sidan bestemorbibliotekaren og eg har vore på tur saman. Dette kom over oss da vi hadde fått plassert oss i togseta, to bibliotekarar tett i tett, hadde fått skjenka oss kaffi frå Rusken-termosen og sett kursen mot Lillehammer og den store litteraturfestivalen. Og for nokre turar vi har hatt! Tankane flaug til Toscana og togturar før dette, og vi kjende oss igjen litt som Rui-systrene der vi tok den siste slurken kaffi frå dei ørsmå koppane før det var fram med bøkene. For bibliotekarar reiser jo aldri på tur utan bøker, må vita. Også dette gjekk som det brukar. Bestemorbibliotekaren såg på medpassasjeren med ei av sine mest inderleg medfølande miner og prøvde fortvila å formidle alvoret i boka si, mens bibliotekaren i setet ved sida av prøvde å halde humringa i sjakk over sprukne kondomar og andre uhell.

To bibliotekarar på tur
Det høyrer med til historien at den eine av bibliotekarane var på tur til hovudstaden for å få avlagt ein eksamen. Dette var ein eksamen ho  i utgangspuktet ikkje hadde meir enn tida og vegen på, men som den evige prokrast, eh, optimisten ho er, tenkte ho at ho nok skulle greie å ro det land. Ein hadde da vore ute ein eksamensdag før. Difor unte ho seg ein festivaldag midt i beste eksamenstida.

Littrarturfestival
Med sekk og trillekoffert og gråt og latter i halsen, entra difor bibliotekarane Lillehammer stasjon. Dei hadde lagt opp til eit ambisiøst løp der målet var å ta inn mest mogleg på minst mogleg tid. Bestemorbibliotekaren tok spranget allereie på stasjonen. Halsa til næraste arrangement med augene i hårgarden og ropte til ho som stod att med med trillekoffert og sekk, men utan kontantar til bagasjeboks: Islandsk ungdomsbokforfattar! Nordisk Råds! Du kjøm vel ette!

Gode råd var som vanleg dyre, men etter ein del om og men, hoste og sveitte og gnissande tenner, fekk ho skaffa til veges seksti skilling til boksen og festivalen kunne byrje.
Mysteriet med den forsvunne bibliotekar
For å gjera ein lang historie kort, gjekk det slag i slag med islandske ungdomsbøker, barnebokkritikk, An Magritt som vart borte i alt mylderet, Knausgård, Sjón, berre så vidt Rem, Tønes og Hovland kunne halde. Ja, bestemorbibliotekaren datt sjølvsagt av lasset lenge før dette. Klokka hadde blitt seint, og det var absolutt dags å koma seg til byen midt i heimeeksamenstida. Det som er litt dumt når mobiltelefonar ladar ut, er at ein ikkje får sjekka togtidene. (Dei som er så strukturerte at dei sjekkar slikt i god tid, kan berre gå og le... slutte og lesa her). Og det er slutt på den tida da det alltid går eit tog. Ikkje eit forbaska lite tog frå Lillehammer til Oslo er å oppdrive etter ni, faktisk. Og viss du har prøvd å skaffe deg overnatting på Lillehammer under litteraturfestivalen, veit du at det er lettare for kamelen gjennom nålauget. Vi skal ikkje røpe resten av historien, men tek ei trepunkts oppsummering:
1) absolutt ingen såg eller høyrde meir til den studerande bibliotekar den natta
2) eksamen vart levert og det med god margin! Heile 30 min. før fristen
3) skal du leva eit vilt ustrukturert og desorientert liv, må du vera desto meir løysingsorientert.
Ciao.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar