Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 2. juni 2017

Barndommens Lykkjeland

Der på bordet låg dei -attgløymde, grå og kalde.
Under rydding i barneavdelinga i dag fann eg noko som sette meg attende til barndomen. Til vårgrøne lykkjer med småbjørk, maurtuer, bekkesikkel og myrlappauser. Der bergstore steinar  var hus og hytter, fordelt på søstre, venner og skybertar. Fuglane var fly på veg til stader vi ikkje visste om, rotne stokkar var kjøt til gryta under helleren, gullboststilkane var krøller vi berre hadde drøymt om, medan det gryande sommarlauvet var skydd mot kjølege regndropar når vi ikkje vil inn til kvelds.

Der på bordet, attmed fargesterke teiknesaker og papir med skrukk, låg to små steinar. Grå, kalde og harde -ein knudrete, den andre glatt mot huda. Eg skjønte kven som hadde lagt dei der. Den vesle jenta, som så heldig kom til open bibliotekdør etter stengetid i går, og som berre måtte teikne bittelitt til veslebror før ho peip ut lydboka og rusla heim med mamma. Ein stein i kvar vesle neve, nøye utvald av ei som visste kva for steinar som burde bli plukka.

Som jente hadde også eg det slik med steinar. Store norgesglas vart fylt med steinar frå skogen, jordet, lykkja, fjellet og bekken. Badande i friskt vatn fekk dei ein annan glød, og om eftan kunne eg drøyme meg bort i eit vell av fargar og skinande kråkesylv som leikte seg i strålane av kveldssola bak den blanke glaskuppelen. Nokre steinar vart henta heim fordi dei fortente det, andre fordi dei var vakre.

Aston, med omsut for dei einsame.
Om du kjenner deg att i barndomsminna mine, skal du gå til næraste bibliotek og spørje etter boka
Astons steiner av Lotta Geffenblad, dama bak dei kjende figurane Prikk og Flekk. I denne boka møter vi hunden Aston, som har slik kjærleg omsut for dei kalde steinane han finn på heimvegen. Han tek dei varsamt opp, ber dei med og heim badar dei i varmt vatn, breier huva si over dei i dokkesenga, på lasteplanet i leikebilen. Varsamt, varsamt. Det blir etter kvart veldig mange steinar. Huset fullt. Faren si løysing er genial, men Aston har framleis omsorg for den eller det som ligg einsleg ute i den store, kalde verda... Boka vann Bonnier si konkurranse om beste svenske biletbok i 2004, og finst også som kortfilm.

Steinane til den vesle jenta skal få overnatte her til ho kjem på nytt besøk. Då skal ho få dei att.

Ha ei nydeleg pinse! Kanskje får du tid til ein liten tur i barndommens Lykkjeland?

Sentimental bloggar: Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar