Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 26. mai 2017

Famlande ungdom og uavhengig journalsitikk

Adel Khan Farooq
Somme forfattarbesøk gjer meir inntrykk enn andre, og nokre få set spor allereie før forfattaren har vore på besøk. Førstkomande måndag kjem journalist, forfattar og dokumentarfilmskapar Adel Khan Farooq til ungdomsskulelevar i Lom og Skjåk for å snakke om boka Mine brødre, og om bakgrunnen for og arbeidet med filmen Den norske islamisten. Før besøket hadde Farooq ønskje om at elevane skulle sjå denne filmen, noko også bibliotekaren har gjort. Etter dette skjønar eg litt meir av kva for ein tøff mann vi får besøk av: Gåsehuda stikk enno i mergen, og spørsmåla kverner urolege i hovudet etter den sterke dokumentaren om islamsk brorskap og famlande ungdom. Filmmaterialet her vart beslaglagt av PST, men Khan og medredaktør Ulrik Imtiaz Rolfsen tok saka heilt til Høgsterett, der dei vann ein viktig siger -ikkje berre for denne filmen, men også for ytringsfridomen og den uavhengige journalistikken generelt.

Frå før finst det mengder av litteratur og dokumentasjon på bakgrunnen for at unge gutar verva seg på
den eine eller andre sida under den andre verdskrigen. Famlande ungdom som søkte samhald, leitte etter meininga med livet, som ønskte å vere ein del av noko stort og viktig, gjere ein innsats som ville setje spor etter ungt pågangsmot og handlekraft. Dei fleste av oss kan jo kjenne att kjensla frå ungdomstida og det gryande vaksenlivet, og den inderlege gleda ein opplevde når ein møtte forståing, samhald og tryggleik i miljøa ein kom bort i. Det er lett å dømme, men ikkje umogleg å forstå kvifor dei unge valde som dei gjorde -på båe sider, faktisk. Og historia er på sitt vis i ferd med å gjenta seg.

Vi gler oss til besøket av den tøffe mannen med den djupe innsikta i eit miljø vi kjenner lite til i fjellbygda vår, og eg er rimeleg trygg på at vi måndag kveld er mange som sit att med uhyggeleg, men viktig kunnskap om eit brennande aktuelt tema.

Bloggar: Merete.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar