Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 19. mai 2017

Biblioteklivet ein fredag morgon in the lusty month of May!

Fredag morgon i biblioteket. Dei to andre på plass da sistnemnde kjem heseblesande inn døra eitt over halv. Eit kvarter slumring, ein sparedusj, fire konglefrø og andre naudsyntheiter vart prioritet til fordel for å koma fyrst på jobb, gjera unna alle morgonrutinane, sitte klar med kaffi og det mentale overtaket slikt gjev.

Morgonfrisk som dogg byr ho på Smil
Vel, mentalt underlegen dumpa ned i sin faste plass på bakrommet. Sjefen, morgonsprudlande og frisk som dogg, hadde alt tømt e-postkassa og sendt over fjorten e-postar til gamlesjefen. Om eg hadde tid til å sjå på desse i løpet av dagen. Høyrde eg fyrste timen? BibliotekAre stod klar med kaffikanna og skjenka opp. Om eg hadde lese Skrue McDucks liv og levnet enda, ein Skrue-bibel han har gått rundt med i høgste vêret her dei siste dagane. Mentalt underlegen måtte vedgå at det hadde ho ikkje fått gjort, men prøvde seg på ein ørliten dask i bordet med eit abbonement på Donald i barndommen. Det heldt nok ikkje heilt, for det var nemleg noko framifrå, fandenivaldsk feminisme frå 1906 å finne i denne bibelen. Og det stemte! Ei herleg stripe om Lillegull, mora til Donald, var å fryde seg over. Men så tok sjefen på seg sjefsmina og vi skjønte at nå var det tid for å samle seg.

Lillegull, eit framkjømleg kvinnfolk
Fredag er nemleg den store Morgonmøtedagen. Alle tre er for ein gongs skuld samla, og det er tid for oppsummeringar av biblioteklivet, nye idéar og gamle planar om igjen. Tema for dagen var kulturell helg til hausten og kva biblioteket skal bidra med i den samanhengen. Vi starta opp i det små med bibliotekkaffi. Dette er biblioteket sitt svar på kyrkjekaffi der alle tre bibliotekarane skal prate om bøker dei har kjær, maks tre, i ein roleg, avslappa og og gemytleg tone til glede for alt folket som sit i hopetal rundt borda og drikk kaffi. Dette er eit nytt konsept for vår del, ein idé mentalt underlegen kom opp med ein dag ho kjende seg litt ovanpå.
Amaniel som har feira sin 13. 17. mai i Lom, kjem
alltid innom og helsar på sine venner, bibliotekarane.

Men kanskje var bibliotekkaffi i minste laget for kulturell helg? Skulle vi slå på større trommer? Vi var innom sjakkturnering med Lahlum og teiknekurs med Svein Nyhus, før sjefen kom i hug den kjempegode idéen vi hadde da vi skulle arrangere erotisk aftan med Gelius for nokre år sidan! Ein idé som ikkje vart sett ut i livet. Åss finn eilder på slike artige ting meir!, sprudla det frå sjefskrakken. BibliotekAre og eg såg både ut glaset og i golvet og sa ha og ja og Bobby Brown. Eg er usikker på kva konklusjonen vart, for plutseleg kom postmann Ivar på sin faste fredagskaffi, klokka klang ti og så stod Amaniel frå Ringebu i døra og mentalt underlegen vart sett til å skrive bibliotekdagboka, og det utan å mukke.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar