Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 12. mai 2017

Fredagsblogg med muntert ordskifte

Munter interiørpassiar
Mine to gode kollegaer har denne veka hatt det travelt med snekring av ny godstol i barneavdelinga. Kasserte bøker vi ikkje får selt, er no i ferd med å bli trylla om til ein stressless av unikt design, og diskusjonen har gått heftig mellom tømraren og litteraturvitaren på golvet dei siste dagane. Bøker har fått ny plass i ein nøye tilpassa konstruksjon, medan limpistolen har gått varm under kvitnande litteraturstudentknokar. Dei er så flinke, og det blir så bra! Likevel hevdar båe to at interiør -nei, det har dei absolutt inga interesse av...

Eit lite utval av kommentarar frå golvet i siderommet i dag, akkompagnert av høglytte fnis (og ikkje misforstå: ALT er relatert til snekringa!):

Kvitnande studentknokar
Are:"Vi må dekke den til litt i helgen"
Rita: "Denna glir godt inn der"
Are: "Nå er den inne"
Rita: "D`æ kje så farle der bak..."
Are: "Da kan vi få ut litt mer"
Rita: "Nå ha d vorte for trongt her!... Nå æ d tomt..."

Ei retteleg god helg til dykk alle -med eller utan interiørplanar. Hugs at underteikna er på vakt i morgon, med mange gode lesetips til vårhelga!

Bloggar på krakken: Merete



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar