Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 5. mai 2017

Eit artig handikap?

Omlag 8% av alle menn er fargeblinde. Eg er ein av dei. Men eg likar ikkje å bli omtala som fargeblind, eg ser da ikkje svart/kvitt! Fargesvak er eit mykje betre ord å nytta om alle menn med nedsett fargesyn.

Både eg og bror min er fargesvake. Det vart tidleg oppdaga då vi vasa rundt på jakt etter raude
Berre prikkar for meg, men Merete
påstår hardnakka at det står 15 her!
dartpilar i graset, og fann dei berre ved å trakke på dei. Grøne bartar på teikningar var au avslørande. Eg ser både grøn og raud, men eg har store problem med å skilje dei frå einannan om dei opptrer saman. Raudt er mykje mørkare for meg enn for deg. Fargen lilla trur eg støtt er ein slags blåfarge, nokre gulfargar kan likne på grøn for meg.

Når personar med normalt fargesyn oppdagar at eg er fargesvak, har dei som oftast stor glede av å spørje meg ut om kva farge eg trur noko er. Dei pekar på ein farge og gapskrattar når eg svarar feil, fargesvakheit er truleg det einaste handikapet i verda som folk tykkjer det er heilt ok å skratte av. Eg er fødd fargesvak, så eg har aldri sett fasiten.

Som oftast går det greit i dagleglivet, eg har til dømes lært meg at det raude lyset er på topp, og det grøne på botnen av trafikklys. Men det er ikkje til å kome unna at eg støyter på problem, då verda har bestemt seg for å nytta raud og grøn farge til så mykje. Lysdiodar med grøn og raud i elektronikk er eitt av dei, eg kan aldri sjå om noko er skrudd av eller på, om det ladar eller er ferdig lada.

Newcastle vs Sunderland nyttar ikkje for meg, 20 heilt like spelarar.  
Under fotballkampar ser eg aldri kor mange tilleggsminutt det blir, eller kven som skal bytast ut på lystavla (mørk raud), eg ser berre kven som skal bytast inn (lysande grøn). Nokre gongar ser dommaren ut som om hen tilhøyrer eit av laga, og eg blir fortusta når hen ikkje vil ha ballen. Diagram, grafar og verkart er som oftast uleselege. Det hender ofte at eg trykker "avbryt" i staden for "skriv ut billett" på parkeringsautomatar. Eg kan lett gå meg vill om eg skal følgje ein av DNT sine raudmerka stigar. Det hender ganske ofte at eg kjem heim med umodne bananar og tomatar. Sjølvsagt er eg heilt på bærtur om eg er på bærtur, det vert sjeldant full bytte med mogne jordbær eller molter. Eg er ein meister på å steikje kjøtdeigen tørr då det føles tryggare enn rå kjøtdeig.

Stor glede hos jentene kvar gong eg gjettar gale på desse utruleg vanskelege broderia.

Ikkje bli sint om nokon dreg i døra på offentlege toalett, det kan vera ein fargesvak kar som ikkje kan sjå om det er grønt eller raudt på låsen.

Fargesvake bibliotekAre


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar