Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 28. april 2017

Litteraturen i høgsetet NÅ!

Denne veka hadde vi storfræmen frå Gjøvik. Oppland fylkesbibliotek var ute på vårturnéen sin, og i år var Lom dei heldige utvalde til å få besøk. Dette er eigentleg eit møte for biblioteksjefane der dei oppdaterer kvarandre om kva som skjer rundt om i biblioteka, men denne gongen fekk også den studerande bibliotekar tilbod om å vera med.

Veldig hyggeleg var det å treffe att bibliotekarkollegaene frå fylkesbiblioteket og frå dei andre bygdene. Fint var det også å høyre om dei mangslungne aktivitetane som går føre seg i biblioteka. Alt frå yoga til samarbeid med fosterheimstenesta, til litterær lunsj på Bakeriet (som vi gler oss til å starte opp med i nær framtid), til menn i uniform som les høgt for ungane.

Fylkesbibliotekarar og bibliotekarar i Norddalen.
Fylkesbiblioteket informerte også om sine saker. Statistikk, katalogdata, digidel.no, marknadsføring og "Lær kidsa koding" er noko av det dei jobbar med for tida. På tampen av møtet lurde dei også på om vi hadde innspel til kurs og kompetanseheving. Litt mette og trøytte attpå den fantastiske lunsjen på Bakeriet, var det ingen som kom med innspel. Ikkje da.

Dagen etter derimot, da Sjefen og eg hadde vår daglege dose morgonkaffi og lade, kom innspela på løpande band. Vi vart ivrigare og ivrigare og aldri såg vi klårare kva vi og heile bibliotek-Noreg treng. Samtala utarta langt ut i opningstida. Her er noko av essensen:

Lunsj på Bakeriet i Lom.
Kristoffer si superdupre supe.
- Men denne debatten som skal vera på Lillehammer under Litteraturfestivalen: "An-Magritt, hvor ble det av deg i at mylderet?", om arbeiderklassehelten i litteraturen med forfattarar og kritikarar, det er eit bra tiltak det! Slikt vil vi ha meir av!

- Aldeles einig! Det er altfor få kurs som går direkte på litteratur. Vi tek imot bøkene i kulturfond-sendingane, registrerer dei, set dei i hyllene og der blir mange av dei ståande til dei blir kasserte. Ja, summe plassar kjem dei ikkje eingong ut av kartongane. Det har vi høyrt.

- Ja, og tenk så mange spennande kurs som kunne vore laga innan litteraturfeltet! Samtidslitteraturen, kva rører seg her?

- Den eldre litteraturen, få han fram i ljoset att. Tenk så spennande å kople eldre forfattarskap mot nye!

- Og lyrikken! Årets lyrikk i innkjøpsordninga. Lyrikken treng verkeleg eit lyft!

- Og alle kapasitetane vi har rundt omkring! BibliotekAre, teikneserieeksperten og -entusiasten vår, han burde jo hatt kurs med bibliotekarane i fylket om teikneseriar!

- Og kvifor er det ikkje eit utbreidd samarbeid med resten av det litterære Noreg? Kritikarar, forfattarar, omsetjarar, litteraturvitarar. Ja, vi vil ha spennande kurs med desse! Og når vi kjem attende i biblioteka, prate denne litteraturen ut av hyllene så han når folket! Tenk om dette vart eit landsomafattande tiltak. For ein inspirasjon som ville spreie seg over det ganske land! Å høyre på dyktige formidlarar med stor litteraturkunnskap. Ikkje noko er meir inspirerande enn det!

- Tenk om Nasjonalbiblioteket med sjølvaste Aslak i spissen kunne gått ut med brask og ikkje minst bram, og proklamert at biblioteka nå vil satse for fullt på litteratur! Ikkje på biprodukt som koding, syklar, spel og frø. (Orsak, ingenting gale i at det skjer forskjellige ting i biblioteka, men dette får ofte meir merksemd enn litteraturen, som blir tatt for gitt). At vi ikkje treng å hive oss på nye trendar for å lokke folk til biblioteka. At litteraturen i seg sjølv held mål. At det er den unike kunnskapen til bibliotekarane om litteratur som skal vera vårt varemerke og vårt kvalitetsstempel. At dette er trendy og sexy nok. Ja da, mange bibliotekarar har per i dag også ufatteleg stor litteraturkunnskap og evne til å formidle, men vi er ganske sikre på at bibliotek-Noreg har noko å gå på her òg. Det er eit stort felt å halde seg oppdatert på, nye bøker strøymer på til ei kvar tid, vi er aldri à jour. Og tenk på all den fine, verdfulle litteraturen som aldri kjem ut av hyllene dels fordi vi manglar kunnskap og dels fordi fokus ikkje er retta mot å prate han ut av hyllene. At det er vår fordømte plikt og lyst. Mange av oss er små og har nok med å halde dørene opne i eit minimum av timar, ta imot og sette på plass bøkene vi får inn att.

Eg likar å samanlikne biblioteka med kvalitetsinstitusjonen Vinmonopolet. Vinmonopolet køyrer omfattande kursing for medarbeidarane sine. Sjølv tilsette i dei minste polutsala reiser på kurs og blir oppdaterte på dei nye produkta. Folk har for vane å be om anbefalingar på polet. Dette er lite utbreidd i biblioteka, og eg skulle ynskje det kunne bli vane her også. Vinmonopolet har fokus på alkoholen dei sel, på å auke kunnskapen og ha ekspeditørar som er ekspertar på produkta dei har i hyllene. Det gjer at det er ei heilt anna oppleving å handle på Vinmonopolet enn t.d. i daglegvareforretningar i utlandet på grunn av kvalitetssikringa og kompetansen ein møter her. Dette set eg stor pris på, og eg skulle ynskje biblioteka var den same kvalitetsinstitusjonen for litteraturen. Eg har ein draum om at Nasjonalbiblioteket set litteraturen i høgsetet og set i gang ei omfattande kursing i samarbeid med fylkesbiblioteka for å auke og utvikle litteraturkunnskapen og formidlingskompetansen i biblioteka, at dette blir vår klart uttalte hovudsatsing i tida som kjem. Boka vil leva. Biblioteka i Noreg med den store, unike gåva vi får frå staten i form av kulturfondbøkene, bør vera kvalitetsinstitusjonar som sydar av bokkunnskap og set alle klutar til for litteraturen!

Rita

Heilt til slutt anbefaler vi alle å ta ein tur til
Norsk fjellsenter. Mai formidla den spennande
historien vår frå fjella på tipp topp måte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar