To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 21. april 2017

Høgtidsgjestar og høge gjestar

Det beste med dagane rundt høgtider her på biblioteket, lyt vera alle dei utflytta studentane som kjem innom oss. Før påske hoppa det innom rett så mange vi sjeldan ser, og underteikna fekk til og med overrekt eit fargerikt påskeegg proppa med godis inne på kontoret! Slikt er så stas, og de skulle berre visst kor stor pris vi set på dykk! Tidlegare små lånarar rekk eg no berre så vidt oppom broklinninga på, og nakken lyt leggjast i ein knekk for at eg skal kunne sjå opp i dei før så kjende fjesa. Bestemor Bibliotekar har likevel ei stolt kjensle i heile den stutte skrotten i slike stunder.

Lånarar les seg oppover i hyllene
Lom har også ei mengd faste høgtids- og feriegjestar som held til i området mest kvar ferie. Mange av desse er trufaste lånarar hos oss, og kvar ferie er det like artig å møte dei att, sjå kor store borna har vorte og vere vitne korleis dei les seg oppover i hyllene våre. Ein av dei store fordelane med å vere eit lite bibliotek, er at vi kjenner att også desse lånarane frå år til år, og i somme tilfelle hugsar vi også kva dei likar å lese. Det gjev heimekjensle for gjestane, og motiverer dei til å kome innom att. Og du store tid, kor mange bøker dei har lånt denne påska: Kassa taut av lesnad heilt opp i sprekken fleire dagar på rad her over påske! Takk for besøka!

No er kvardagstralten i gang att: Litteraturvitar Rita har fått interiørdilla (ei sær form, naturlegvis med bøker involvert), lånarar i alle aldrar ropar etter Are så det ljomar blant hyllene våre, medan Forfattar Linn og eg har vore i Valdres på Lesegledeoppdrag i regi av Fylkesbiblioteket att. Uvèr og stengt Valdresfly gjorde sitt til at eg brukte 4 timar på veg til jobb i dag, og neste veke står Lillehammer for tur med same turnè. Her heime har vi fleire planar for våren, der mellom anna eit samarbeid med Bakeriet står først på tapeten. Følg med!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar