Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 7. april 2017

O leseglede! O leselyst!

I dag avslutta vi vårt årlege leseprosjekt i 3. klasse. Det har vore fem veker intensiv lesing for elevane med lesekvartar kvar dag, noko lærarane lovde dyrt og heilagt å fortsetja med. I rein entusiasme kasta Sjefen seg på og lovde oss bibliotekarane det same. Det kan det vera greitt å ha dokumentert, Sjef, så da dokumenterer vi.

Feiring av fruktbart leseprosjekt!
Bibliotekarane har besøkt 3. klasse fire gonger og bokprata for og med dei. Dette har vore ei svært hyggeleg oppleving! Om morgonen kom dei roleg og fint inn i klasserommet. Alle sa "hei" og handhelsa på læraren og sette seg på plassen sin i hestesko framme ved tavla. Medan dei gjekk inn, stod det på musikk på cd-spelaren. Da underteikna var der, spelte dei gammaldans så det rykka i heile reinlenderskrotten. Are kunne melde om klassisk, utan at eg skal seia for sikkert om det rykka i ballettkroppen hans.


Sjå, så lang han vart, Guttorm bokorm!
Rundt heile rommet og bit seg i halen!
I alle fall er både elevar, lærarar og bibliotekarar svært tilfredse og einige om at det har vore eit veldig vellykka leseprosjekt. Og her følgjer nokre varme fakta:

26 elevar
215 bøker
126 jælma gode
12.500 sider
480 sider per elev

BibliotekAre pratar fotballbøker ut av hyllun.
Nokre kommentarar på veggen:

- Du, e ha vorte så interessert i teigneserie ette du va på besøk!
- Einn dag las e 247 sio!
- E såg ei slik bok um kropp og sex og slik inne der. Æææsj! Fletter, fnis og oppspelte augo.
- Du æ nok den bibliotekaren som æ mest interessert i teigneserie! Og æ bæst i diskgolf.

Liten passiar:
Jente: I dag ska e ri utta sal!
Bibliotekar: Oj, ha du gjort dæ før, da?
Jente: Ja, hondre tusen millone gångo! Men i dag ska e trave!

Han var ikkje oppstilt. Han var oppslukt.
Vi bibliotekarane ser dette som eit svært meiningfylt, morosamt og gjevande arbeid. Vi meiner også at alle kommunar burde investere i ein barne- og ungdomsbibliotekar, anten på skulebiblioteket eller i samarbeid med folkebiblioteket. Bøkene treng meir enn nokon gong at nokon pratar deira sak, for konkurransen med andre medium er knallhard! Vi håpar at 3. klassingane fortset i den gode stimen dei er inne i, at leselysta og lesegleda varar og sjølvsagt at dei blir bibliotekbrukarar for livet!

Dei beste bokpratane er dei som skjer på eigehand.
Så håpar vi foreldre, besteforeldre, onklar, tanter og onklars tanter tek turen og ser på den fantastisk flotte og lange Guttorm bokorm! Biblioteket held ope til og med onsdag kl. 14.00 neste veke. Viss de mot alle støvleskaft ikkje skulle stikke innom, ynskjer vi dykk ei retteleg god påske!

Rita




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar