Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 31. mars 2017

Assistentsjefsrugge under oppvarming

Lom folkebibliotek så langt i veke 13
I dag må fotografia tale for seg sjølv.

Assistentsjefsrugga har vore einsleg sidan dugurdsleite, og fingrane har ikkje vunnest over blogg i dag. Kjeftamentet og føtene har derimot fått god oppvarming før den første dagen i april, for her har heile 124 lånarar vore på besøk i dag! Folketeljinga dei to siste vekene er eit synleg prov på aktive bibliotekbrukarar i Lom, og munnvikene våre møtest snart bak i nakken -så blide er vi! Då får det berre stå si prøve at Are er og blir den kule i kollegiet, og at to avdanka, halvgamle skruller berre kan kaste lange blikk mot krulltoppen når unggutane heng i flokk midt i kontordøra for å utveksle musiske erfaringar med han som har peiling. Lite visste vel vi at tømraren vi hanka inn frå kyrkjegardsmuren skulle gå oss båe ein høg gang i både formidling, småpludring med dei yngste og bokanbefalingar for dei kresne...

Takk for ei strålande veke, alle saman! I morgon er ordførar Bjarne på plass for den som måtte ønskjer det, og han har lova å ta alle på alvor -også den fysste april! God helg!

Veke 12 2017: 464 personar besøkte Lom folkebibliotek!

Ferdig oppvarma bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar