Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 24. mars 2017

Tryll, troll og ein nyskodd klovn. Og lomverane, altså!

Måndag: Oppstart av folketeljingsveke. Vi smilte og prata med 75 individ denne dagen. Tylege møte, gode samtalar, mange bokønskje og fine stunder gjennom heile vårdagen. Slik overlever ein glatt ørten feilmeldingar ved fjernlånsbestillngar, og ser ljost på dobbeltarbeid.

Tysdag: stengt bibliotek, men Boklek med neste års fyssteklassingar i regi av Oppland fylkesbibliotek. Svein Nyhus framstod som ein tryllekunstnar med tusjen, som trollbatt store og små med sitt fantastiske vesen og kunstneriske evner. Han er også"skoren for tungband", som vi sier i Lom, og munnen hans rann over av artige kommentarar og finurlege vendingar. Bibliotekaren vart så sett ut av sprella at gåva låg att på kontoret då han var reist... Overrasking blir ettersendt! Og kanskje lyt vi invitere attende mannen saman med tvillingbroren til teikneshow, trass i at han spratt så fort rundt på golvet at det var uråd å ta eit godt fotografi...

Onsdag: rekord i biblioteket! Heile fire barnevogner med vidunderleg innhald inne på barneavdelinga på same tid! Stolte storesyskjen har blitt veldig store, og sjølvgåande bibliotekbrukarar.

Nyskodd klovn på besøk!
Torsdag: Klovnen Knut kom flygande med synnavinden. Krøllene hadde klappa saman, skoa var flunka nye, men mannen var den same lune humørspreairen vi etter kvart kjenner oss som omgangsvenner med. Framsyninga VIRRRVARRR denne torsdagseftan er kanskje den beste vi har sett av han nokon gong, og både store og små ytra høglytte ønskje om årlege besøk heretter. Sveitte vaksne og energiproppa born tusla heim etter ein rekordlang fotoseanse med den ettertrakta klovnen -alle skulle få!

Fredag: Tredje bokprat for tredje klasse og lesestimuleringsprosjektet Guttorm. FotballRita imponerte med sportsleg kunnskap og nær kjennskap til ein Messi, som ho nysst hadde sett live -i Barcelona! No er alle Messibøkene og andre fotballbøker på besøk i tredje... Og Guttorm snor seg rundt meir enn halve barneavdelinga!

Eit snøgt overslag syner jamt 400 besøkjande desse fem vekedagane, og fleire blir det: I morgon kjem sjølvaste Lahlum og avsluttar heile det vellykka Vinterles, som i Lom har hatt 54 ivrige deltakarar som til saman har levert 78 skjema (5 bøker på kvart). Bibliotekarane traktar kaffi og gler seg over ei flott, aktiv veke midt smørauga av alt som skjer i fjellbygda! Vel møtt i morgon!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar