Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 17. mars 2017

Bokorm og vinterles

Guttorm tek form
Leselyst er ei herleg lyst! I desse dagar er det innspurt i "Vinterles" for vaksne, og ungane i 3. klasse har hatt prosjekt lesestimulering gåande i ei veke.

Merete-sjef vitja 3. klasse førre fredag og synte fram bøker og reglane for det fire veker lange prosjektet. Ungane les bøker kvar dag på skulen. Dei har også moglegheit til å ta med bøkene heim, og for kvar bok som vert lese, skal dei fylle ut eit fargekoda skjema som skal leverast til biblioteket. Grøn farge for gode bøker, gul for heilt greie bøker, og raud for dårlege bøker. Skjemaa er ein del av Guttorm-bokorm som vi henger opp her på biblioteket.

I dag var det min tur til å formidle bøker til ungane. Dei sit i ein hestesko framme i klasserommet og er lydhøre og engasjerte. Hendene fyk opp i eit sett, og dei fortel ivrig om kor mange Donaldblad dei har og korleis storebror kan finne på å sitja i timevis på utedassen på hytta og lesa om våre favorittender. Neste fredag er det Rita-sjef sin tur til å vitje 3. klasse. Dei kan mellom anna gle seg til å høyre om fotballkamp på Camp Nou med ikonet Lionel Messi og hans Barcelona.

På ei veke har 3. klasse lese ut 53 bøker, berre 4 av skjemaa var raude.

Vinterles for vaksne har også vore ein stor suksess. Så langt har 45 lesarar levert inn 62 skjema med minst 5 lesne titlar. I sum har dei vaksne vinterlesarane lese godt over 310 bøker frå november til nå. Måndag 20. mars er siste frist for å levere skjema, og heile vinterlesnaden avsluttast laurdag 25. mars med storfint besøk av sjølvaste Lahlumen på biblioteket. Gratis inngang!

BibliotekAre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar