Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 17. februar 2017

"Om æ fikk være sola di..."

"Du er så oppstemt i dag." Are sveipar snøgt innom kontoret for å spreie den daglege dosen glede til gamlemor på roterommet, og eg kjenner energien tyte ut gjennom kvar ein skrukk. Men kvifor nett dette energinivået denne ferbuarfredagen?

Tre enkle forklaringar:
1. Sola er attkomen til både kyrkjevollen og gammelprestgarden!
2. I går var vi på Inspirasjonsdag i regi av fylkesbiblioteket: Digitale tenester i biblioteket.
3. I går kveld prata Linn og eg ut 16 bøker på "Bok og vin" på Gjøvik bibliotek og litteraturhus.

No yngjest vi opp att i fjellbygda!
Dei av dykk som har sol året rundt, er truleg ikkje klar over kva desse fysste ljosstrimene på veggen tidleg vår gjer med oss myrketidsvandrarane her mellom fjella.Vi spring som leikande småborn bort åt glasa, peikar nasen mot himmelen, let att augo og innbiller oss at ljosglimten på kjaken allereie no teiknar fine frekner i kledeleg mønster over den vinterbleike huda. Smøret på veggen vil trast bråne, og våren vil vekkje opp att livet i dei frosne hellingane. Kor fint det er med desse årstidsskiftingane!

Det er også fint at folk rundt om i fylket framleis vil høyre Linn og meg prate om skjulte perler blant bokskattane våre, og at fylkesbiblioteket sponsar vidare turné for oss pratmakarane. Og ikkje minst er det fint å ha ein mann i staben som veit å halde energinivået oppe hos damene i kollegiet.

Det er i det heile utruleg fint å vere bibliotekar i Lom -no også!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar