Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 10. februar 2017

Donald-land

Dedicated to Unca Carl from Keno
Det er meir enn nok skriveri om Trump for tida, han vert til og med kalla "The Donald". Men for meg er ikkje Donald ein Trump, han er ein Duck!

Her på biblioteket er det ikkje ofte vi har Donald i hyllun, han er stort sett alltid utu hyllun. Når eg formidlar teikneseriar dreg eg alltid fram dei to store Donald-teiknarane; Carl Barks og Keno Don Hugo Rosa.

Carl Barks leverte 6371 teikneseriesider med våre favoritt-ender mellom 1944 og 1966. Han sette standarden og utvida Disney-universet med sine eigne karakterar (Onkel Skrue, Fetter Anton, Petter Smart, Andeby, B-gjengen, pengebingen, Hakkespettane, Magica frå Tryll og Rikerud er berre nokre av Barks sine oppfinningar).

Den neste store teiknaren var Don Rosa som er oppvaksen med Carl Barks Andeby. Dette ser ein i historiane hans som alle er trufaste og fulle av referansar til den gamle meister Carl Barks. Don Rosa teikna Donald mellom 1987 og 2008.

  
Gøymde Mikke referansar
Ungane elskar båe teiknarane, og eg syner dei alltid Don Rosa sine skjulte morosamheiter. I første ruta på nesten alle historiar har han gøymd ein dedikasjon til Carl Barks. Dei få som ikkje har dedikasjon skuldast som regel at Donald-redaksjonen fann og fjerna dei før prenting. Ein annan artig sak er dei over 30 gøymde Mikke Musane (oftast lettare mishandla) i historiane.

Finland og Noreg er dei to landa i verda som les mest Donald i høve til folketalet.

Til slutt eit ganske ukjend Donald-fakta; i ein kortfilm (Donald gets drafted) frå 1942 står namnet Donald Fauntleroy Duck i vernepliktsboka.

Hobby-Donaldist
BibliotekAre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar