Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 2. februar 2017

Ein kirar, ein gitar -og ein kirarstemt gitar


Ein mann og hans kirar
Ein blid eritrear sit og klimprar på sin heimelaga kirar.
Eit langbord fyllest opp med pappkrus og kjeks.
Ein pensjonert lensmann manar til allsang med sin nystemte gitar.
Eit gildt knippe innfødde lomverar samtalar ivrig med ei solid gruppe smilande flyktningar.
Og ein ung lærar legg sjela si å kirarstemme sin eigen gitar.
Slikt må jo berre spreie glede, humør og god stemning!

Andre språkkafémøtet på Lom folkebibliotek er avvikla, og trass i litt mangel på struktur, gjekk folk smilande heim etter kvelden med ønskje om ny, snarleg treff. Gjevande, inspirerande kveldar som byggjer opp gode relasjonar og legg grunnlag for ein større aksept og nedbygging av framandfrykt. Fleire lånarar som kom innom biblioteket i anna ærend i går kveld, sette seg ende ned saman med oss og berre naut den lette stemninga; "Neste gong ska e jammen følgje mæ å kåmå når døkk bynda!"

Takk til alle innfødde som møtte mannssterke opp, og til alle framandspråklege som fyller bygda vår med fargerikt innhald! Neste gong vil bibliotekaren krevje namneskilt, for heretter er vi alle på hels -også med namn. Med litt struktur blir dette suverent!

Bloggar: Merete

(foto lånt av Wikimedia Commons)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar