Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 26. januar 2017

"...den ærefulleste erobring..."

Gyldendal si utgåve frå 2002, ill. Karl Erik Harr
For akkurat 100 år sidan gav Knut Hamsun ut romanen Markens grøde, denne vidunderlege hyllesten til naturen, ei bok som tre år seinare førte til at han fekk Nobelprisen i litteratur. Her møter vi den ordknappe markbrytaren Isak Sellanraa, som byggjer opp og utviklar sitt eige gardsbruk i utkanten av Hamarøy saman med kona Inger. I 1921 vart romanen filmatisert, og dette var første gongen noko slik hendte for eit norsk, litterært storverk. I tillegg var dette visstnok den første filmen med originalkomponert musikk.

I Lom har vi ein ganske så ueinsarta lesesirkel, og vi trivst så godt saman at vi før jul bestemte oss for å ha ein filmkveld med litt attåt. Valet fall då naturleg på nett denne stumfilmen, og slik kunne vi på vår måte markere 100-års feiringa til den storslegne romanen mest alle av oss hadde eit forhold til på førehand. I tillegg hadde vi lese Sult for ikkje så lenge sidan, så å avslutte Hamsun med film, laut vere på sin plass.Vi er 10 leseglade personar med ymse bakgrunn av båe kjønn i alderen 28-64 år, noko som gjer dei litterære diskusjonane særs interessante. Det var jo då også litt spesielt å gå saman og sjå ein stumfilm frå 1921 med ein så umake gjeng, men så løyleg dette var!

Strammingen Isak Sellanraa 
Vi starta kvelden med ost, kjeks og god drikke, så stemninga var lysteleg då filmsjef Are var klar til å køyre
film. Då den mektige musikken fløymde ut i rommet og Isak synte seg på lerretet, stilna derimot den leseglade gjengen av, og halvanann time seinare vedgjekk kvar og ein av oss at vi var bergtekne (sjølv om det berre var bibliotekleiaren som framleis hardnakka hevda at Isak vart ein stramming av ein kar...) Det var rett nok fleire hendingar og personar i filmen brorparten av oss ikkje hugsa frå boka, så kanskje er ikkje alle av oss ferdige med Hamsun lell? Eller blir ein nokon gong ferdig med Hamsun?

Selma Lagerlöf kalla skildringane i Markens grøde for "den ærefulleste erobring som noen penn har skildret", noko lesegjengen i Lom kan slutte seg til. Får du ikkje lese boka, er filmen absolutt verd å sjå!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar