Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 20. januar 2017

Den finstemte nynorsken

Då bestemorskodda i adventstida omfamna meg med si overveldande lykkekjensle og sin grensesprengjande kjærleiksrus, må eg vedgå at leseiveren gjekk i dvale eit bel. Alle tankar, ord og gjerningar spant rundt dette nye vidunderet eg brått hadde fått så tett på livet, og alle orda augo mine las, drukna ned i den finmaska bundingen i fanget. Heilt til sjølvaste Advent dukka fram or haugen av nye kulturfondbøker denne veka.

Foto: Samlaget
Islendingen Gunnar Gunnarsson skreiv denne korte romanen så langt attende som i 1937, og no har Oskar Vistdal levandegjort denne særeigne forteljinga for nordmenn gjennom ei utruleg flott nynorsk oversetting.

Boka handlar om den djupt religiøse Benedikt, som kvar adventstid dei siste 26 åra har skapt si eiga kyrkjegonge ved å gå opp i fjellet og sanke bortkomne sauar saman med hunden Leo og væren Knasten. Denne umake treeininga får tankane til å vandre mot Jesus som samlar lamma sine, og i USA er også romanen oversett med tittelen Den gode hyrde. Denne vinteren blir vandringa i fjella tyngre for Benedikt, og veret herjar hardt med Benedikt og hjelparane hans. Den storslegne naturen med dei ville kreftene blir mana fram i eit kraftfullt, poetisk språk, oversett til ein nynorsk som fell så inderleg godt i øyro på ein norddøl. Høyr berre:

"Dei skulle no ikkje fryse eller svelte i hel inni der av di ingen iddest eller torde leite dei opp og få dei heim" (s.3)
"Husfruga  gjekk stad og klødde Knasten ved øyra, og det var Knasten alatt med, men var elles likesæl" (s. 24)
"Folk som går i myrker, blir så underleg borte frå kvarandre. Likevel er einsemd i myrkret ulik einsemd i fjellet, her nede i bygda er ho ikkje overveldande, ein høyrer enno andre røyster enn si eiga, merkar andedrag i nærleiken, den djupe tomleiken ute frå rømda nedanfrå steindjupet isar enno ikkje i hårrøtene" (s. 26)
"Og då vøre det godt å vera komen av stad innetter, å ha ein del av vegen bak seg" (s. 35)
"Blodet song seg til ro i si eiga susing i daudtrøytte, slapnande lemer, svevnen kom stillande med lydlause steg, nærare, nærare og tok han på armen" (s. 71)
Oskar Vistdal (privat foto)

Trass i at denne romanen er ei bok som veg lett i handa og har små og få sider, er det likevel ei perle med så mykje symbolikk og sjeldne språklege vendingar at ein kan forsyne seg på nytt og på nytt, og nyte historia i lange drag. Ei heilt anna side ved forfattarskapen er at Gunnarsson vart svært populær både i Tyskland og USA i mellomkrigstida, og at Hitler under krigen trykte opp nett denne romanen og gav han i spesialutgåve til alle stridssoldatane sine. Det må aldri bli noko hinder for å ta innover seg skatten som er samla mellom desse to permane.

Nynorsk bloggar: Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar