Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 24. februar 2017

Alt ein kunne funne på å skrive om

Vel attende i bibliotekarkrakken etter studiedagar i hovudstaden, primært på lesesalane, blir ein som kasta ut i det straks og med ein gong. Din tur! Sjefen er nådelaus under panneluggen. Ein skjønar at det er på sin plass å ikkje mukke, tusle stilt inn på bakrommet, logge inn, få det ut.

Men kva?
Sjølvsagt kunne ein skrive om det siste som skjedde her før avreise. Om kor gildt det er når små, nye lesarar ivrig samlar seg rundt bøkene, at dette skapar bibliotekarfryd av ypparste sort. Gutane er ofte mest entusiastiske. (Det har gutane ein tendens til å vera, dei vaksne òg. Likar!) Ofte gjeld dette faktabøker. Det er viktig at alle ungar får lesa det dei er begeistra for, sa bibliotekaren.



Elles kunne eg sjølvsagt skrive om studielivet, om livet på Blindern og kor vakker vinterutgåva av Blindern er, om trea, alle dei fine trea og alléane, nokon må vel ha skrive om dette? Det burde dei  i alle fall ha gjort.



Eg kunne også nemnt at eg kjøpte meg ny, litt for dyr, notatbok her om dagen fordi ho var vesaasfarga, at det også er farga til elva og farga mi, at dette gjev meining, men dette er jo slike ting ein ikkje skriv for høgt om.



Sjølvsagt kunne eg skrive om kor fint det er på Nasjonalbiblioteket, vårt aller stiligaste og mest fornemme bibliotek. Eg kunne nemnt himmelen over Sollli plass ein ettermiddag etter endt studiedag og unnskyldt fotoet med det elendige kameraet eg har på telefonen. Kunne i forlenginga av dette dratt ein Janis om God og om han ikkje kunne vore brydd med å buy me a new telefon.



Kunne radt sveipa innom det ørvesle gjennombrot da eg fann meining i halm denne veka og jubelkjensla slikt gjev, men dette er slikt ein held for seg sjølv. Kunne også nemnt kor tilfreds eg er med rettleiaren min som støttar og oppmuntrar og har tru der eg tvilar. Og ikkje minst kunne eg skrive om kor utruleg gjevande det er å grave i ord og kor synd det er at slikt ikkje kastar pengar av seg, tvert om, for da kunne eg vore truande til å drive med dette resten av livet.

Kunne også synt dykk kor fint vårsola.
Men eg slår frå meg å skrive om alt dette. Eg vil eigentleg berre slå eit slag, eller gjera ein ørliten veiv i lufta på det store internettet, for Tarjei. Ikkje gløym å prat han utu hyllun, bibliotekarar. Ikkje gløym å lån og les han, lånarar. Her eit lite utdrag frå Fuglane om Mattis og det magiske fuglespråket. Litt svakt trykk, men tippar de klarar det. Eit godt alternativ er sjølve boka.



Rita

2 kommentarer: