Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 2. mars 2017

"Endelig noen snakke!"

"Nå jeg er glad. Nå jeg sitte her og snakke med deg. Da jeg blir glad. Endelig noen snakke!" Den unge eritrearen på stolen framfor meg legg handa over hjarta sitt, augo strålar mot meg frå det gyldne andletet, og bestemorsjela mi græt usynlege tårer. Han fortel om einsame kveldar med vonde tankar, miljø som er vanskelege å få ta del i, og om det inderlege ønsket om felleskap. Kva er det med oss fjellfantar, som ikkje opnar opp for desse som kjem til bygda vår frå faregrike kulturar med ny kunnskap og nye impulsar? Er vi framleis redde? Let vi vår irritasjon over systemet gå ut over desse uskuldige menneska? Er vi ikkje i stand til å sjå forbi politikk, religion og farge i møte med desse framande? Eller har vi nok med dei menneska vi kjenner frå før?

Digitalt sosial...
Kvardagen har vorte slik at kvar og ein av oss har meir enn nok med sitt -trur vi. Arbeidet stel dagane våre, skjermane stel fritida vår, og vi trur på ein luftboren, sosial krins som svirrar kontinuerleg pålogga. Vi er digitalt sosiale, trygt gøymde bak kvar vår skjerm, frie til å skjerme oss frå alt som måtte bli ubehageleg. Også i det offentlege slepp vi menneskeleg kontakt; kommunikasjon skal skje digitalt, kontor blir lagt ned og slått saman, vi har mindre bruk for menneske. Det medmenneskelege aspektet i samfunnet er rasert og nedgradert til eit nivå som stengjer for kvalitetstid mellom born og foreldre, slår føtene under ungdomen og gjer dei eldre meir einsame. Og hit ønskjer vi flyktningar med fryktelege opplevingar i ryggsekken velkomne -til hus, mat og lange, einsame kveldar med uhorveleg god til til å gruble over alt det vonde dei har vore gjennom.

Neste onsdag traktar vi på Lom folkebibliotek nye kanner med kaffe, og ønskjer alle lomverar velkomne til ein sosial kveld der møte mellom menneske står i høgsetet. Vi hevar oss over farge, kjønn, religion, alder og bakgrunn, og set det norske språket og den gode samtalen på agendaen. Dette huset er ope for alle, og vi blir like glade for kvar einaste sjel som vil ta del i felleskapen. Vel møtt!

Sosial bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar