Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 13. januar 2017

Utu hyllun

Denne veka har vi drukkje gravøl. Tysdag kledde vi eldste viskvinnene oss i svart, men med raude roser på kinn og i sinn. Vi drakk gravøl over vårt gamle image, over ei tid som er forbi, vår tid som tre vise kvinner. Det har vore ein lang tanke- og mogningsprosess dette, men the times they are a-changin'.

Tre vise kvinner i sine yngre dagar.

Som så ofte var det ein mann som kom inn i biletet, og vi kunne jo ikkje godt fortsette å kalle oss tre vise kvinner når vi vart to og ein hann. Og kanskje var det på høg tid med endring i alle fall. Sjølv om bibliotekeventyret til dei tre vise kvinnene har vore aldri så eventyrleg, må ein iblant gjera seg hard og gje slepp på somme darlings skal ein koma seg vidare her i biblioteket som i livet elles. Vi sette oss ned på gravølet, gjekk gjennom utrulege hendingar frå desse åtte åra våre som tre vise kvinner, la ut nokre bilete på den gamle nettstaden og fryda oss litt på laurbæra denne dagen, det skal vi innrømme. Vi var skjønt einige om at vi ikkje ville gråte for at det var over. Vi skratta og gledde oss stort over at åss happened! Viskvinne min stakk!

Årets bibliotek 2012! Yeah!


Og endringane blir jo ikkje så gjennomgripande heller. Vi gler oss over å ha fått inn ein framifrå hann, ein ressursperson som elevane på barne- og ungdomsskulen omtalar som "kul", og som kvinnfolka i bygda omtalar som "jælma tyle". Vi synest det er stor stas å ha fått ein kul og tyle bibliotekAre i kollegiet. Det er veldig bra både for elevane og dei andre bibliotekgjestane våre at dei møter ein mann her. Særleg trur vi det er viktig for smågutane og ungdommane at dei møter ein mann som les og pratar ivrig og engasjert om bøker.

Bibliotekboksaren

Elles fortset skriveria våre som før med eitt innlegg i veka om større og mindre hendingar på biblioteket. Alle følgjarar blir med over sjølv om vi har meldt flytting og har fått ny url. Det skal seiast at det ikkje har vore lett å finne ein tittel som kan konkurrere med tre vise kvinner. Vi hamna på "Ut av hylla" som er slagordet vi vart kjend for da vi fekk prisen som Årets bibliotek 2012. Vi var rimeleg tilfredse med denne tittelen heilt til den eine vise googla og fann ut av det allereie fanst ein nettstad med denne tittelen. Gode råd var som vanleg dyre, men det er rart kva løysingar som kan dukke opp midt på svartaste natta. Så på dagens morgonmøte beslutta vi einstemmige etter lite om og men å gå for dialektvarianten "Utu hyllun", "utu" med stutt vokal, stutt konsonant og jamvekttrykk! Vælkomne ska døkk væra!

To vise kvinner og ein vis hann.
Rita

1 kommentar:

  1. Gratulerer med ny blogg! Jeg gleder meg til å følge dere videre.

    Hilsen en fagbibliotekar fra Bergen

    SvarSlett