Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 6. januar 2017

Nytt år. Nye bøker, nye bøker!

Det har vore ein heilt sjuk start på det nye året! Utover veka har den eine etter den andre av bibliotekarane kasta inn handkleet. Iallfall delvis. Dette er svært uvanleg. Bibliotekarar er nesten aldri sjuke, men på slutten av jula fann altså immunforsvaret ut at det var på tide med liten perm. Berre han som er disponert for man flu har halde stand og hjula i gang. Det er godt at slike finst for sjuke viskvinns. Og for friske òg.

For permen vart kortvarig, soldatane mobiliserte og attende på kontorkrakken venta ein heil haug med nye kulturfondbøker. Det fine med denne jobben er at det finst slike små julekveldar gjennom heile året. Nye bøker! Nye bøker! Her i biblioteket har vi som mål at alle tre skal få sett på og bli litt kjend med dei nye bøkene før dei hamnar ute i hyllene. På den måten kan vi merke oss dei interessante, tenkje at Denne! kan vi anbefale til han som er interessert i andre verdskrigen, denne til ho som likar historiske romanar, denne til han som vil ha polarlitteratur og desse, dei kan vi anbefale til mange! Slike fordelar har vi vi som jobbar i små bibliotek og etterkvart kjenner mange av lånarane godt. I tillegg prøver vi iblant å anbefale bøker som er litt utanfor den tryggaste stigen. Det er ikkje alltid at desse anbefalingane fell i smak, ganske ofte ikkje, vi likar gjerne den maten vi er vand til, men iblant slår det heldig ut, folk blir hekta og begeistra, og da er det moro! Vi må prøve og feile og prøve igjen.

Attende til bibliotekaren med dagens haug. Iblant fell ein fullstendig ved fyrste blikk:

Ringgjess flyr i lange lave bølgende linjer når de trekker.

Orda flaug gjennom bibliotekarhugen med lange, seige vengeslag, lenge, over heile himmelen, vart verande. Fyrst det. Til vengespissane, tenkte så mitt rasjonelle eg.

Ein skal vera varsam med å sette ord på kva som skjer i slike tilfelle. Ein burde ikkje gjera det, trur eg. Det kan øydeleggje meir enn det gagnar, men slik er ein nå ein gong, ein vil prøve å forklare med ord kva som skjer, ein vil dele. Med fordel kunne ein sikkert la opplevinga vera nok i seg sjølv, ordlaus. Men, men. Nok om bibliotekariske leseopplevingar. Bibliotekaren flyg åv. Kan ein dømme ei heil bok etter førstelina? Kanskje? Sporadisk lesing utover i boka lovar også godt. Eg prøver. Boka heiter Den vinteren kom ulven. Forfattaren er Juliana Spahr, ukjend for meg til nå, men i kveld skal eg fluge med villgjessene, over Island, over den grønlandske iskappa til Canada, Canada.

Foto frå Norges dyr. Fuglene 1.
Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar