Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 22. desember 2016

Året 2016

Så dette er jula og kva har vi gjort? Eit år er snart over og jammen gjekk det fort. Eller kanskje ikkje? Vi prøver oss iallefall med ei relativt rask oppsummering av året her ved Lom folkebibliotek.


2016 var det året:


  • Vi gjekk retro. 

  • Merete og Linn reiste like godt til lands som til vanns og oppi lufta med, for å prate bøker ut av hyllene

  • Vera Henriksen gjekk bort, 89 år gammal. Ho etterlet seg ein stor litterær produksjon som mange lesarar set høgt. Blant dei mest kjende bøkene er Trollsteinen frå 1970, fyrste bok i serien om Bent Jonsson frå Lom.


  • Det store bestemoråret! Torill vart bestemor på heiltid, og på tampen av året gjekk sjølvaste sjefen avstad og vart bestemor til ei knøttlita jente. Ho vart straks ein heil generasjon eldre enn oss andre, og har stort sett tvinna tomlar dei siste dagane og hatt tendensar både til rier og mjølkespreng. Vi sender våre varmaste gratulasjonar til vår kjære sjef, og spår at ho blir ei bestemor av det aller ypparste slaget. Men vi ser oss dessverre nøydde til å gje avslag på søknaden om bestemorpermisjon.  

  • Vi lyste ut stilling som litteraturformidlar og kom på radio! Vi prata om litteraturformidling i bibliotek, programpost 10, Trendy med litteraturformidling.


  • BibliotekAre vart tilsett og tre vise kvinner fekk skjegg. Dei er fortsatt i tvil om dei kan kalle seg tre vise kvinner etter dette, og før du veit ordet av det er konseptet endra. Den som følgjer bloggen får sjå.

  • Det var kurs i formidling i fantastiske omgjevnader i fjellheimen, nærare bestemt på Brimi sæter ved Tesse, tre vise kvinners paradis.

  • Engel i snøen kom ut, og vi hadde gleda av å oppleva Anders Totland halde 10. klassingar, lærarar og bibliotekarar i si hole hand med den fine og vare framføringa av boka akkompagnert med pianotonar. Ei varm anbefaling! 


  • Vi sette endeleg ut i livet den mangeårige idéen om språkkafé.
Så ynskjer vi følgjarar og bibliotekvenner fjern og nær ei retteleg god jul! Biblioteket held ope i dag og i morgon til vanleg tid og 4., 5. og 6. dag jul frå 10.00-14.00. Vel møtt!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar