Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 15. desember 2016

Den vanskelege framandfrykta

Onsdags efta 9. desember i Lom. Veret hadde vorte heilt frykteleg utover dagen, og i skymminga låg
heile Bergom sveipt i ei krystallklar, stålhard glaskule. Strekkmetalltrappa på gammelprestgarden slo føtene under dei som leit seg ut, og bilane sklei i grøfta i 20 km/t. BibliotekAre og sjefsassistent Merete hadde nett denne kvelden invitert alle dei kjente til den første språkkafésamlinga i biblioteket si historie, og fem minutt før tida var komen, stod dei to og glytta ut på den spegelblanke bygda og tenkte at "Dette blir eit fredeleg møte..." Kun eit par-tre personar hadde møtt opp, i tillegg til Bjørn Ola med gitaren. Han var hyra inn som gledesspreiar, hurragut og stemningslyftar. "Nok peparkaker blir det i alle fall", tenkte kafévertinna stilt for seg sjølv.

Trafikken i skranken hadde også stilna med det dårlege føret, så båe bibliotekarane benka seg rundt det vesle bordet med kvar sin kaffikopp, saman med dei tre flykntingane og dei 7 friviljuge som hadde møtt opp. Prate skulle dei klare lell, og ei fredeleg stund skulle det bli.

Ein time seinare vrimla det av menneske frå ymse delar av verda rundt omkring i heile biblioteket, Are sprang intervalløp mellom kaffitraktaren og dei tome krusa til krøllene dansa viltert rundt dei dogga brilleglasa, og Merete sat sveitt og knota medan bakhovudet febrilsk leitte etter ein plan for korleis dette skulle organiserast vidare. Kvelden var jo ein suksess! Det strøymde på med store og små utover eftan, der den minste deltakaren var berre tre månader! Ungdomane kosa seg ved x-boksen, småbarnsfamiliane samla seg kring vognene, og dei andre knaska peparkaker og bles dampen or kaffikoppen medan den eine sterke historia avløyste den andre rundt bordet.

Det som likevel gjorde mest inntrykk på meg denne kvelden, var då ei godt vaksen dame frå Lom fortalde om hennar reaksjon då ho fekk nye grannar frå ein annan verdsdel eit år tidlegare. Ho kjøpte inn konfekt, manna seg opp og gjekk for å ønskje dei nye sambygdingane velkomne i grannelaget, men ute på trappa vart ho overmanna av usikkerheit, og tusla etter kvart inn att med konfekten. Vedkomande ho då hadde vore på tur til å besøkje, sat denne kvelden ved sida av henne på biblioteket, og dei to hadde aldri helsa på kvarandre -trass i at dei hadde vore grannar i snart eit heilt år... Denne hendinga seier så mykje om kva framandfrykt gjer med oss, korleis det kveler integreringa og kan gjera livet som flykting i Lom sosialt vanskeleg å bere. På same tid fortel dette om undergrave dårleg samvit hos bygdefolk, som i botnen ønskjer å vere imøtekomande og inkluderande.

Denne såpeglatte kvelden ved Lom folkebibliotek var eit synleg prov på behovet for eit slik tiltak på eftastid i bygda vår, og vi kjem til å ha fleire kveldar framover -då med litt meir struktur. Men vi er heilt avhengige av at bygdefolket stiller som gode samtalepartnarar, så følg med på heimesida for informasjon på nyåret. Vi treng folk i alle aldrar, så ta gjerne med barn og unge! Velkomne!

Bloggar: Merete

1 kommentar: