Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 9. november 2016

Mattfeitt, språkkafé og anna vi må Trumpe gjennom

Kl 19:27 rusla dagens siste lånar smilande ut, og bibliotekaren skal blogge. Det er fort gjort etter ein slik efta; så mange inspirerande folk innom, så mykje latter, så mange gode idèar!

Det har lenge vore bestemt at vi i kveld skulle ha idèmyldringsmøte for ein framtidig språkkafé på biblioteket
. Eg har like lenge vore litt for spent på om vi ville få nok folk til å møte opp denne kvelden, om vi i vesle Lom ville klare å skrape saman nok bygdefolk til å arrangere trivelege skravlekveldar med nokre av dei mange busette flyktningane vi har. Då eg vakna til nyhenda dag, slo det meg først at eg måtte fri til alle mine kjenningar på nettet: Møt opp på Lom folkebibliotek i kveld og gjer i det minste Lom ein betre stad å bu! Eg gjorde det ikkje. Tenkte at i dag har verda nok med seg sjølv, så får vi berre sjå om vi har gjort godt nok førearbeid.

Det hadde vi! Vi var 12 kreative sjeler i ymse alder og av båe kjønn som møttest rundt kaffibordet i kveld, og planane om ein språkkafè vil bli realiserte. Attpåtil kom ei dame halvannan time for seint, og eg veit om nokre fleire som ikkje kunne møte nett i dag, så dette får vi til! Første steg blir å ha ein førjulskveld med song og tullprat her den 07.12. kl 17.30, så tek vi det frå der. Hurraguten Bjørn Ola vil ta med gitaren, og eg skal trene stemma med bobleflaska mi på førehand, så MØT OPP!

Rett før eg låste døra, kom eg opp i ekte tullprat -ispedd litt alvor. To damer stod ved skranken og diskuterte rumbrødsoppskrifter og feittvariantar; flott eller matfeitt, og eg heiv meg med i debatten. Eg la frilyndt ut om at rumbrødsdagen i heimen hos oss er vår form for samlivsterapi. Då bakar eg, medan smeden steikjer. Det inneber at ingen av oss kan gå bort før stabben på 180 leivar er ferdig steikt, og vi nyttar høvet til å ta opp det som måtte ha vore travaleg for oss det siste året. Slik har vi levd godt saman i 30 år -sjølv om det skal seiast at rumbrødet ikkje skal ha æra for dei første ti åra, i alle fall -då levde sikkert vi, som mange andre, på luft og kjærleik. Lattermilde gjekk dei to fruene heim kvar til sin, med ny forståing for kvifor dei hadde halde ut med sine respektive i godt over ein mannsalder. Jula nærmar seg, eg Trumpar gjennom at matfeittet er best også i år, så får vi sjå kva andre får Trumpa gjennom dei neste fire åra...

Bloggar med bakstrøv: Merete

1 kommentar: