Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 25. november 2016

Gjer alle folk til lesesveinar

Medan enkelte unner seg den fryd det er å gå djupare inn i eit forfattarskap og dyrkar muslingtilbøyeligheterne sine med Tarjei Vesaas 60% av tida, går andre ut over sine breidder og når ut til folket. Dette året har Ut av hylla-misjonærane Merete og Linn, reist landet rundt og formidla "årets beste som du kanskje ikkje visste om" og gjort alle folk til lesesveinar. Turnéen og misjoneringa avsluttar dei på heimebane her i Norddalen.
Stablane med meir eller mindre unnselege bøker som alle bibliotek
får tilsendt gjennom den statlege innkjøpsordninga.
Foto: Linn T. Sunne.

I same slengen dreg dei i gang lesekampanjen "Vinterles" med ein formidlingsturné sponsa av Oppland fylkesbibliotek. Dei vaksne lånarane våre har i fleire år vore misunnelege på ungane som har hatt Sommar+Bok og fått fine armband og anna gild premiering for å lesa bøker. Vinn vinn! Dei vaksne har etterlyst tilsvarande. Dei vil også ha eit lite kick for å auke leselysta. Dei treng også ei lita gulrot for å prioritere lesing i ei svært så konkurranseutsett tid for boka. Nå har omsider biblioteka tatt lånarane på ordet og starta opp den første lesekampanjen for vaksne. Konseptet er enkelt. Les fem bøker og levér skjema på biblioteka, gjerne fleire! I staden for armband blir dei vaksne premiert med eigne Vinterles-krus. Hovudpremien, i tillegg til auka leselyst og leseopplevingar for livet, er middag for fire personar på fjellidylliske Brimi sæter.

Merete og Linn sparka i gang "Vinterles" med inspirasjonskveldar på Lesja og Dovre 14. november. Denne veka har dei vore på Otta og i Vågå, og neste veke står Lom og Skjåk for tur. Onsdag 30. november kl. 19.00 blir dei å treffe her på biblioteket. Vi håpar folket går kvinne og mann av huse for å få med seg lesetips dei elles lett vil gå glipp av i jungelen av bestselgarar.

Og i dag fekk eg gleda av å låne ut "Is-slottet" og
"Fuglane" til kvinne (76) som skal lesa Vesaas for fyrste gong.

Misjonsbodet for bibliotekarar: Gå ut og gjer alle folk til lesesveinar!
God helg! God vinterles!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar