Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 3. november 2016

Høner, sorg og lykke hand i hand

SVOSJ -for ei inspirerande veke!

Hønemor med alle dei tolv små.
Måndag starta dagen med ei utruleg fin melding frå ein tidlegare elev ved den vidaregåande skulen her, ein person vi ikkje har sett på fleire år. Vedkomande hadde funne fram til nokre boktips på heimesida vår, men fann elles få tips på si leiting etter nye, gode bøker utanom bestseljarane. Ho var så lei av berre å få Samartin og Hislop i hendene når ho spurde... Kanskje vi kunne tipse? OM vi kunne! Så utruleg artig å få slike innspel frå unge lesarar, oppegåande menneske som ser litteraturen sitt potensiale utover alt dette både nett og bokhandlarar flyt over av. Ei glede å kunne pøse på med gode lesetips som til vanleg lever eit liv i skuggen av sine "overreklamerte" slektningar.

Tysdag hadde vi besøk av Mari Brenna -ei eldsjel som i fleire år har brunne for formidling av forfattarskapen til Aslaug Høydal. Mari heldt tre framsyningar for tre ulike grupper frå barnehagen, med dokketeater av boka Hønemor og dei tolv kjuklingane. Så fine dokker, og så snodige barn! Rett etter hadde vi besøk av representantar frå Noregs Mållag, som denne dagen var i Lom i høve nynorskstafetten.

I går kveld stod Einar Gelius for eit tankevekkjande foredrag spunne over den nye boka hans; Tanker om kjærlighet, sorg og savn. Godt frammøte med mange innspel frå publikum gjorde kvelden til ei fin oppleving, flott innramma av orda og tankane til denne folkelege presten, som framstår som eit medmenneske med ei livsrøynsle han ikkje er redd å dele av. Fleire ytra til og med ønskje om liknande temakveldar seinare. Biblioteket som ein god møteplass for viktige, medmenneskelege samatalar spunne rundt litteratur, er ein fin tanke i ein kvardag prega av stress, tidsjag, skjermtid og elles lite personkontakt.

Om ikkje dette var nok: I dag skein fantastiske nyhende mot oss frå skjermen! På Norsk kulturindeks, utgjeve av Telemarksforskning, har Lom folkebibliotek vorte rangert på ein delt andreplass blant alle folkebiblioteka i kongeriket! Vi er kun tangert av Vang, og "slått" av Tynset! Glade og audmjuke har vi i dag frilyndt delt dei gromme tala til ymse kantar, men veit med oss sjølve at slike tal ikkje kjem seglande av seg sjølv ved neste vegkross. Nye tankar må klekkjast, planar må gjennomførast, bøker må formidlast, ressursar må kjempast for... Køyr på!

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar