Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 27. oktober 2016

Orsak, Jon Fosse!

Då eg fekk boka "Fiskene har ingen føtter" i hendene, flytta eg mest med det same inn i mi eiga verd -inn i eit univers av vidunderlege ord og vendingar fletta saman til eit dokument å drøyme seg bort i, bla seg attende i, sitere frå, og beint fram bli utruleg glad i. Eg registrerte ganske kjapt at forfattaren Stefánsson var nominert til Nordisk råds litteraturpris, og naturlegvis vart han min favoritt ganske så snart.

"Ja, men vår nominerte, då -Jon Fosse?" Folk eg diskuterte med skakka på hovudet og flein litt i skjegget -dei kjende jo meg. Etter 15 år som barne- og ungdomsbibliotekar, må eg vedgå at eg har lese fint lite vaksenromanar av Jon Fosse... Så hadde eg gjort som eg ofte gjer; høyrt på andre som har forsøkt seg på forfattaren. Det som hadde kome meg for øyra, var at dette er ein skribent som ikkje har punktum i sine bøker, og som bruker gjentaking som verkemiddel i sine elles "slanke" romanar. Skodespel hadde mest ingen nemnt noko om. Så nei: Stefánsson var nok favoritten, ja!

Så går sjølvaste nordmann Fosse av stad og vinn heile prisen! Eg beit meg i det, plukka etter kvart med meg lydboka av Trilogien, berre for å høyre kva dette eigentleg var. Åh, sukk! Kjære Jon Fosse: Eg ber så audmjukt om orsak for mine villfaringar! Anderz Eide har dei siste dagane i skodaen synt meg vegen inn i Fosse sitt univers, med ei framifrå innlesing av desse tre vakre forteljingane. Og i dag, etter endt lesing og nyting, er eg så hjartans einig; vår eigen Fosse er så inderleg verd denne høgtruvande prisen! Dei lyriske vendingane, den framifrå nynorsken, dei gode karakterane -med Alida og Asle i spissen, samt den kjenslevare historia, som leidde meg inn i ein suggererande rytme med rom for både mystikk og venleik, trist og vakker på same tid; alt er i ei klasse for seg. Nok ein gong har eg lært at ein ikkje skal skoda hunden på håra, bøkene på framsida, eller det andre fortel om nokon av delane: Eiga røynsle er det einaste som kan syne deg ditt personlege syn på alt som omgjev deg. Eg held framleis Stefánsson skyhøgt som forfattar, men den eine utelet ikkje lenger den andre.

Om du er av dei som ikkje heilt får taket på Trilogien: La Anderz Eide med sin lydbokversjon syne deg leia! Du vil aldri angre. God lesnad!

Bloggar som snart lyt lære: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar