Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 20. oktober 2016

Engel i snøen

Da eg vart innkalla til intervju for stillinga ved Lom folkebibliotek, var formidling ein viktig del av intervjuet. Boka dei vise kvinnene hadde valt som formidlingsoppgåve til forventningsfulle formidlarkandidatar, var "Engel i snøen" av Anders Totland, ein kort roman for ungdom skriven av ein debutant, slik at det var lite truleg at nokon av kandidatane hadde kjennskap til forfattar eller bok på førehand.

"Engel i snøen" er ein kort roman, det tek ikkje meir enn 20 minutt å lesa han. Eg las han først ein gong utan å gjera notat, så vart det å finlesa nokre gonger til for å få noko ned på papiret. Anders Totland vart googla, eg las omtalar av boka og intervju med forfattaren. Ei handskriven side med utdrag frå omtalar, og ei med utdrag frå intervju, blei etter kvart til to sider med stort sett eigne betraktningar om boka. Boka vart lese enda eit par gonger til, og eg pugga mi eiga formidlingstekst til eg kunne ho på rams. For å vere heilt sikker, kokte eg formidlingsteksten ned til ei side med berre nokre få stikkord som eg kunne glytte på om eg sto fast.

Og for ei bok "Engel i snøen" er! Ho tek opp eit tema som er vanskeleg å snakke om; korleis unge menneske med ein dødeleg diagnose har det. Det er mykje sorg og vemod, men det er også mykje omsorg og kjærleik. Eg var tett på å bli rørt til tårer fleire gongar under lesinga, og jamvel når eg formidla boka under intervjuet. Det er god plass mellom linene i boka, og mellom linene er det plass til alt det som ikkje blir nemd i boka, alt det som vi som lesarar berre må tenkje oss til.

Både intervjuet og formidlinga gjekk bra, eg fekk jo som kjend jobben!

Under googling av Anders Totland oppdaga eg at han tilbyr ei framsyning der han kombinerer høgtlesing av heile boka med pianospeling. Dei vise kvinnene tende på ideen, og no på måndag var Totland bak pianoet på Lom ungdomsskule og hadde framsyning for tiande klasse. Eg var så heldig at eg fekk sitja bak i auditoriet og fylgje med på framsyninga saman med elevane og lærarar. Eg vart imponert både av Totland, og av elevane som sat stille og følgde med utan å lage spetakkel, slik eg hugsar mi ungdomsskuleklasse gjorde ved slike høve.

Anders Totland ved pianoet
Det vart tid til litt samtale etter høgtlesinga, og Totland hadde ei betraktning om kjønn som eg berre må dele. Han meinte at jenter er dobbelt så kule som gutar! "Kva?" var det mange som svara forundra, før Totland repliserte med at jenter antakeleg er enda kulare enn dobbelt så kule (og det vil nok gutane oppdage etter kvart). Grunngjevinga for dette er at gutar berre les bøker om gutar, mens jenter les bøker om både gutar og jenter.

Biblitotek-Are (som ynskjer å lesa seg opp til å verte nesten like kul som jentene)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar