Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 13. oktober 2016

Stort og smått i Oppland

-men best av alt er hjartevarmen!

Det har vorte mest som ein liten tradisjon for underteikna å fylle bilen med nye kulturfondbøker med ujamne mellomrom og leggje ut på formidlingsoppdrag med Makkar Linn. Denne hausten har vi ikkje mindre enn 16 tidfesta oppdrag i kalendaren, der seks av dei allereie er unnagjort. Det nye i år er at det er primært folkebibliotek vi besøkjer, mot hovudsakleg fylkesbibliotek tidlegare år, og det er no biblioteka i Oppland som får dei litterære misjonærane på døra. Nett dette er så utruleg inspirerande! Så mange vidt forskjellige bibliotek dette fylket vårt er utstyrt med!

Vi har vore i ørsmå bokheimar med trongt om plassen, der lufta heng tung bak falma gardiner og hyllene slæst om plassen på linoleumen, men som likevel tek i mot besøkjande med ein varme og ein gjestfridom som omfamnar leselystne med smittande glede. I andre enden av skalaen har vi opplevd gilde, opplyste salar med svimlande takhøgd og gyllen parkett i varme tonar, der formidlarane berre kan smelte inn i topp moderne lydanlegg og la røysta gli utover stolrekkjene som smørsaus. Medan einskilde slit litt med å hoste opp ein enkel PC som kan takle ein litterær PowerPoint, stiller andre med stillegåande kanonar og lettdrivne lerret, trådlause myggar og nyutdanna datateknikarar i kollegiet. 

Røynsla så langt har synt at det ikkje nødvendigvis er dei største biblioteka med det flottaste utstyret som dreg flest folk på arrangement som dette, men at gjennomføringa av ymse samkome naturlegvis er mindre arbeidssam for dei tilsette ved velutstyrte, store bibliotek. Dette kan likevel vere noko å ta til seg for dei som kjenner på mindreverdskomplekset; det er folka som styrer i dei ymse bokheimane som har mest å seie for dei som kjem på besøk -både for lånarar, forfattarar, formidlarar og andre som måtte dukke opp. 

Til sist må vi nemne tusenkronerstipset for alle som driv med formidling, og som såleis er avhengige av at røysta flyt godt over stemmebanda til einkvar tid: Då eg vakna sundag morgon, dagen før fire turnèoppdrag på tre dagar, fekk eg knapt fram eit pip! Panikken tok meg, og sosiale media vart redninga: Kva skulle eg gjere? Det strøymde på med velmeinte kjerringråd og meir eller mindre velprøvde tips, men eitt skilde seg ut, både i form og verknad: 

Fyll ei lita brusflaske halvfull med lunka vatn, finn eit røyr på ca 2 cm i diameter (eg fekk ein tynn hageslangestubb av smeden), og blås bobler i flaska. Etter kvart som du klarar å lage lyd, legg på litt lyd på stemma attåt boblinga. Dette skal visstnok massere stemmebanda, og er et triks som både songarar og skodespelarar har kjent til lenge. Dette tipset kom inn frå fleire kantar til meg, så eg MÅTTE berre prøve -og det fungerte! Bittelitt flaut å overhøyre mumling om "ho med hasjpipa", men litt må ein jo tole... Sprei trikset vidare! Når det er stemmebanda som er problemet, og ikkje sår hals, hjelper det dessverre lite med sitron, ingefær, honning, jägermeister, varm mjølk og andre hjartevarme råd -då er det flaska som gjeld!

Boblande bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar