Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

torsdag 6. oktober 2016

Om å mase på lånarane

Eg startar med eit lite reknestykke på stillinga mi ved Lom folkebibliotek: 30% fast tilsett vis kvinne + 30% mellombels tilsett vis kvinne = ein lykkeleg halvtomsing. Og det er nett ei slik lykkeleg kjensle eg har når eg svirrar kring hyllene på biblioteket med stablar av bøker, tidsskrift, dvd'ar og lydbøker som skal inn på rett plass. Det er litt som å vera nyforelska, det kriblar i leselysten og eg har von om å bli fortruleg med ei mengd av utgjevingane. Den halvtomsete kjensla får eg når eg blir spurt om å anbefale kjærleiksromanar til ein ungdom eller krim til garva krimlesarar, når eg ikkje hugsar namn på ein lånar eg skulle ha hugsa navnet på (dei tvæ andre vise er heilt råe på detta med namn, det er knapt ein lomver dei ikkje kjenner), og når eg balar med ulike dataprogram på jakt etter obskure låneønskje.

Som Rita nemnde i bloggen førre veka, driv eg og masar på lånarane våre om korleis behandle ei cd-plate. Eg tek fatt i alle som låner ein musikk-cd, lydbok eller dvd, og eg ber hermed om orsaking til ivrige lånarar som eg masar på gong etter gong, dette har eg tenkt å drive med i fleire månader framover.

Dårleg behandla cd
Da cd-plata kom til Noreg i 1983, kan eg hugse ho vart presentert på fjernsynet som ein slags lyd-revolusjon. Ein sak er at det verkeleg var ein revolusjon i og med at vi her snakkar om digital avspeling av lyd (ei lp-plate spelar av lyden analogt). Men det var ikkje berre det - dei påstod at vi frå nå av kunne gløyme dette med hakk og knitring frå høgtalarane. Om ikkje minnet sviktar, meiner eg at dei tråkka på cd'ane, smorde dei inn med syltetøy, angreip dei med sandpapir, tusj og drill mens dei hevda at det ikkje gjekk ut over lydkvaliteten. Som dei fleste av oss veit, er ikkje dette rett, ei cd-plate må behandlast varsamt om ho skal ha eit langt og hakkefritt liv.


Om ei lydbok som har vore på utlån kjem attende til biblioteket med riper, kan det samanliknast med å ha stroke over ord i ei bok med sprittusj, eller i verste fall med å ha reve ut ei side eller fleire av boka. Saft, syltetøy og fingeravtrykk kan ein vaske av, men ei ripe eller eit hakk er det ikkje så lett å gjera noko med. Så hermed presenterer eg hovudreglane for bruk av cd'ar og dvd'ar: Ta aldri på undersida av plata, ho skal kun handterast frå kanten og midtholet. Om plata sit godt fast inne i omslaget, kan du freiste å presse ned på spindelen i midtholet med ein finger medan du lirkar ut plata med tommel og ein annan valgfri finger utan å røre undersida. Når plata skal ut av spelaren er det naudsynt at ho blir plassert i omslaget igjen og ikkje blir liggande og slengje på bordet eller i bilen. Har det kome fingeravtrykk o.l. på cd'en kan det tørkast av. Det viktige her er at det må tørkast frå midten av cd'en og rett ut til kanten, aldri i ei sirkelrøysle. Bruk ikkje papir da papir lagar riper, bruk ei rein bomullsklut eller liknande.


Ver varsam med cd'ane, vis ungane korleis dei skal handterast og nyt opplevinga med ein hakkefri avspeling av lyd og bilete gong etter gong.


Hakke-hatande bibliotek-Are

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar