Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 27. september 2016

Bibliotek-Are


Bibliotek-Are
Dagane går og vi med dei, men sidan sist er tilsetjingsprosessen vår fullført. Vi er i hamn og har plutseleg fått ein hane i korga. Bibliotek-Are har presentert seg sjølv på bloggen tidlegare. Vi hanka han i fyrste omgang inn som teikneserieformidlar for nokre år sidan. Etter at han fekk nok både av trikk og bane, konsertar og platesjapper, gjorde han kort prosess og flytte ut på landet, omtrent så langt unna ein ordentleg by som det går an å koma. Og her ser det ut som han har tenkt å slå seg til, med sine gedigne samlingar av plater, cdar, bøker, filmar og teikneseriar.


Etter fleire år i plateselskapet Voices of Wonder med spesialforretning midt på hippaste Grünerløkka, sette han kursen mot bygde-Noreg nørdst i grendom, og starta i timbrarbedrifta Stokk & Stein AS i 2007. Han vart sjølvsagt raskt ein ivrig bibliotekgjengar, og vi delvis vise kvinner, skjønte fort at her hadde vi møtt vår overmann når det gjaldt kunnskap om musikk og teikneseriar. Og slike kapasitetar må ein jo utnytte! Etterkvart viskvinna vi oss opp og spurte om han kunne ha lyst til å hjelpe oss med teikneserieformidlinga. Kroppen sa ja, og det var ikkje fritt for anna enn at sjølv hardbarka skuleelevar letta på bryna når det stod ein mann i full tømrarmundur på biblioteket klar til å prate tekneseriar ut av hyllene. For i tillegg til å vera kunnskapsrik både innan musikk og litteratur, synte han seg også å vera ein framifrå formidlar med stor omsorgsevne for bøker og cd-ar. Det fyrste han gjorde som nytilsett var å gå i gang med opplæring av lånarane våre i korleis omgås cd-ar slik at dei kan få eit langt og godt bibliotekliv. Han lever med andre ord opp til namnet sitt, bibliotek-Are.


Bibliotek-Are har laga musikkutstilling.
Å få ein mann med på laget set vi stor pris på, men det byr sjølvsagt også på visse utfordringar for tre vise kvinner. Det klør i skrivande stund litt i hårknutane. Kva gjer vi med konseptet? Kan vi gå bort frå tre vise kvinner? Kanskje er akkurat det på høg tid? Alt dette og meire til går vi og grundar på innimellom dei hyggelege slaga i bokheimen. Måndag avslutta vi til dømes Sommar+Bok 2016 og feira leselysta her i Lom. 64 ungar, 905 bøker, 180 av desse på meir enn 100 sider! Vi synest det er strålande! Vi tvilar på at reklamekampanjer a la Read a fucking book hadde klart dette. Vi tillet oss til og med å tvile litt på om Michael Jordan hadde klart det. Vi lever nemleg i god tru på levande formidling basert på grundig førearbeid, litteraturkunnskap og entusiasme. Vi har faktisk tru på bibliotek og bibliotekarar!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar