Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. september 2016

Formidling og fjelluft -haustens vakraste eventyr!

Bållunsj med Hans ved Tessosen
Tidlegare har vi nemnt her i bloggen at vi ikkje er i tvil om anna enn at naturen og fjella her har vore ei stor kjelde til inspirasjon for nokre av dei gildaste forfattarane, komponistane og kunstmålarane vi har. Fjellet gjev ei særeigen ro, som igjen gjev fritt rom for tankane å leike seg i. Ein opnar sinnet for andre dimensjonar, legg bort stress og tunge tankar, og let seg rive med av alt det storslegne rundt seg. Slik blir ein inspirert og motivert, og kan la kunsten få utløp i fritt fall.

Heimfjellet er og blir ein naturleg del av oss som bur her. Vi finn oss våre eigene stader som inspirerer oss, plasser der vi kan hente energi og styrke å ta med oss inn inn i daglegtralten. Sjølv har eg alltid hatt det slik når eg kjem til området rundt fjellvatnet Tesse; her får eg verkeleg puste, og skrotten finn ei ro som eg lengtar etter nede i bygda. I dei seinare åra har eg på bakgrunn av dette hatt ein draum om å få til eit formidlingskurs nett her; fjelluft, vakker natur, formidling og god mat -mykje av det eg brenn for og har kjensler for samla på rett stad.

Låven  med kjøken, ysteri, seterbutikk og overnattingsplassar
Hans og Ola på Brimi seter har bygd opp ein unik plass her på den gamle slektssetra til Hans, og båe desse karane er framifrå formidlarar på sine felt, så her ligg alt til rette for inspirerande opphald. Stor var difor gleda då Oppland fylkesbibliotek tende på idèen, og ville arrangere eit formidlingskurs her saman med Lom folkebibliotek. Heidi Dahlsveen skulle leie oss gjennom konkrete formidlingsøvingar matnyttige for dagleglivet til ein bibliotekar, og resultatet vart det beste av det beste!

Heidi Dahlsveen med magisk msytikk
Hans møtte oss på setra onsdag morgon under ein vidunderleg hausthimmel ved eit blenkjande fjellvatn, medan beitande kyr rusla fredeleg utom hafella og ullpurkene kroa seg i kvar si lortgrufse bortanfor bekken. Med stor forteljarglede og rikt lokalhistorisk innsyn, leidde han oss inn i historier om hulder og skrømt, gammal setedrift og moderne fjellturisme med overtydande entusiasme og lun humor. På låven fekk vi deretter servert ein betre lunsj, før guru Dahlsveen auste frå si utømelege kunnskapskjelde utover lydhøyre deltakarar.

Etter ein pause med rusling rundt i nærområda, samlast vi framfor det gamle seterhuset. Der dukka sjølvaste Peer Gynt opp på torvtaket i Endre Skjåk sin talentfulle person, og bibliotekarane sat snart att med hakeslepp etter ei framsyning av dei sjeldne. Skjåk imponerte stort med si framferd og sin store kunnskap om dei lokale diktarane, og han kan anbefalast på det varmaste for liknande oppdrag!

Endre Skjåk proff som Peer Gynt i rette omgjevnader
Skråpåtå -eit herrens måltid!

Om kvelden fekk vi servert noko så vidunderleg eksotisk som Skråpåtå på setra. Først kom ei nydeleg, fyldig fiskesuppe kokt på fisk frå Tesse smakssett med urter frå Aukrust. Deretter fekk vi bordgrillane på bordet for å smelte Ola sin gullmedaljevinnande ost attåt salat og spikjimat. For ein gastronomisk opptur, og for eit sosialt måltid! Her måtte vi samarbeide på båe sider av bordet, og skrape ost etter tur når han var passe smelta -mmmm... Då osten etter kvart miste potensen i varmen, fekk vi små panner oppå grillane. Der kunne vi sjølve steikje oppskorne bitar av ku- og griskjøt.

Kan ein få det trivelegare?
Stappande mette vagga vi så i tur og orden ned låvetrappa for å forsyne oss av eit bognande dessertbord nede i seterbutikken. Godsakene ville ingen ende ta, og Hans var stendig innom oss og prata, spelte fele og fortalde om maten, historia rundt området og arbeidet deira på setra. Kvar og ein av oss kjende seg som spesielt invitert inn i dette eventyret av ei seter, der opplevingar står i kø på både den eine og den andre måten. Då natta seig på, velta vi oss tunge i magen opp i kvar vår brisk ogn slokna til lyden av ingenting...


Hans sparar ikkje på fløyten
Neste morgon vakna vi som sov på låven av kyrne som rusla inn til mjølking, og budeie Anna si småpludring med dyra under oss. Etter ein særs god frukost, formidla vi kvar vår bok etter alle Dahlsveens reglar, før Hans tok oss med på ein avsluttande bållunsj ved Tessosen. Flesk og heimelaga karbonader på saftig, heimebaka brød attåt bålkokt kaffe smakte så utruleg godt attmed vasskanten. For ikkje å snakke om desserten! Sukker, brennevin, fløyte og molter kokte saman til ein himmelsk smak, krydra med gode historier, servert ved eit spegelblankt fjellvatn -ein kan ramse opp i det uendelege. Tesse, Brimi seter, Hans og Ola må berre opplevast, og betre plass kan ein neppe oppdrive for eit formidlingsseminar.

Takk til Hans, Ola, Ragnhild, kokke Ann Kristin og budeie Anna for fantastiske dagar! Takk også til Oppland fylkesbibliotek for realisering av draumen min! Og til sist; ein taus takk til vergudane som gjorde sitt til at heimfjellet synte seg frå si vakraste side.

Bloggar: Merete
Foto: Silje Grøtan Torp og Merete Byrøygard

Tessosen 14.09.2016.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar