Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 13. september 2016

Den største gleda ein kan ha

Bibliotek er min santen festleg! Vi er ein institusjon proppa av artige små og større kvardagshendingar, små og store folk, små og større bøker: Ei samling ueinstarta variablar som utgjer ein utruleg flott fellesskap med overraskingar, gleder og inspirerande oppdagingar. Førre veka opplevde vi sjølve ei av desse verkeleg gode hendingane, ei slik som framstår som eit godt prov på at det gode i mennesket framleis er å rekne med, og at gode arbeidsfolk ser lengre enn sitt eige beste:

Pirrande eksotisk frå Utlandet
Lom folkebibliotek har ein tidlegare trufast lånar som for tida er busett i Utlandet. Utlandet er som de veit uhorveleg stort, frykteleg fjernt, utruleg eksostisk og pirrande framandt. Men av og til krek det nærare, for av og til poppar det opp ein e-post frå Utlandet! Hos Lom folkebibliotek! Då fyller bibliotekaren kaffikoppen med varmt, bryt av ein myrk ladebit og krummar seg godt på krakken før ho opnar -det er melding frå ein reisande!

Sist veke kom då  meldinga frå Lånaren i Utlende, der han fortalde at han i årevis har vore på jakt etter ein film han hadde sett som liten gut, ein film som hadde printa seg fast og planta eit varig ønskje om å sjå nett denne filmen på nytt. Lånaren i Utlende har utvikla gode søkjekunnskapar, og hadde sjølv funne fram til eitt einaste, lite bibliotek i Heimlandet som framleis hadde denne -rett nok på VHS, men anna ville truleg aldri bli aktuelt for denne aldrande innspelinga. I e-posten ba han pent om ikkje bibliotekaren frå Heime ved eit minneleg høve kanskje ville spørja pent om ikkje dette skulebiblioteket kunne låne oss filmen når han ein gong skulle gjere ei heimreise?

Bibliotekarar er som de veit lette å be, så ein kjapp førespurnad vart sendt biblioteket med det same. Berre stutt tid etter, kjem følgjande melding frå eigarbiblioteket attende:

Hei. 
Heimlandet kiklar mot Utlandet
Ser at dere har send en forespørsel via min rektor om fjernlån av en videofilm. Jeg forstår at dere har en låner som ønsker å se filmen "......." og at han har funnet ut at vi har den på skolebiblioteket vårt. Og jammen har vi det!!

Som han ganske riktig sier finnes den bare på VHS.  Jeg kan ikke forstå at noen hos oss noensinne vil ønske å se denne, eller ha mulighet til det. Jeg sender den i posten til deg. Den er en gave til låneren!

Tenkje seg til! Dessverre heldt det heile på å ende i eit virusvirvar, då eg ved første og beste høve sende svar til Lånaren i Utlende med emnetekst: Gratulere -du har vunne dagens premie! Han tenkte fysst han skulle få gleda av å melde frå om at vi hadde fått virus på PC`en vår, før han stupte i det og opna e-posten med den glade meldinga. Ein liten førespurnad gjorde denne gongen, som så mange gonger før, tre menneske litt gladare! 

"Den største gleda ein kan ha" får ein tett på livet med dagleg dont i eit bibliotek. Jammen er det fint med Lånarar i Utlende, og jammen er det fint med heimebibliotek! Ha ein glad dag alle!

Heimebloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar