Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 6. september 2016

Skåneakvavit og fornying

"E trur virkjele oss snart lyt fornye oss mæ dessa bloggje, altså". Ho er irriterande kreativ, denne studenten som takk og lov skal husere litt i bokheimen attåt skrivinga si i vinter. Eg ser jo også at tida er mogen for litt oppstramming her og der. Det er ikkje alt som er som ein vaspete, mellomaldersk kvinnekropp, som lett yngjest opp att med hold in, push up, kvost (les børste) og målarskrin. Eller vi trur det, i det minste.

Mine varsame hint om at innhald kanskje er minst like viktig som utsjåand, høyrer ho ikkje ein gong. Så var det vel den fornyinga ho freista pønske ut i sommar, då, der ho sat i ei køyeseng på eit hospits borti smultringholet sitt hos søta bror og lufta på Skåneakevitten sin dei tre fridagane ho hadde i sommar. Ikkje har eg sett eller høyrt så mykje om kva som kom ut av den reisa, anna enn ei panikkarta heimreise grunna kansellerte togavgangar og stasjonar som ikkje låg der hovudet hennar sa dei skulle vere, men eitkvart kjem ho vel dragsande med. Så er vi då vel attende på sporet: Ho finn på, eg gjennomfører -og inntil vidare er Are med som ein sterk meglar for laget.

Dagen i dag har gått med til å fylle ordreboka for arrangement for hausten, og det er ikkje småtteri:
17.09. CD-slepp med Odde & Holmen, albumet Sumamorgon
24.09. Barnehageteateret Fiskekongen av Brødrene Grimm
26.09. Avslutning Sommar + Bok
 I tilleg er ymse anna på tur til å "flaske seg":
Mogleg konsert for 6-åringane og 1.kl i november
Mogleg forfattarbesøk for ungdomsskulen før utgangen av november

Odde & Holmen -årets unge folkemusikarar 2015
Attåt dette skal eg sjølv turnere rundt omkring i fylket saman med makkaren Linn T. Sunne, der vi nok ein gong skal prate ut kulturfondbøker frå 2016 frå midten av september. Så langt har vi 11 oppdrag i boks. Den årelege bokpraten for Bygdekvinnene og mållaget i Vågå er tidfesta, samt at vi må vel ha eit liknande arrangement for oss sjølve. Difor tenkjer at ho får berre halde fram pålanane sine om fornying, ho studiesjefen -eg er med! Den som heng med oss, får sjå.

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar