Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 30. august 2016

Tankar rundt ein lesekampanje

"Eg har ikkje levert skjema før i sommar, eg. Eg kunne eigentleg ikkje lese, skjønar du, men no kan eg det plutseleg! Eg slapp plukke blåbær, for mamma sa eg kunne få sitje på den stubben borti lyngen og lesa i staden, så no har eg eit fullt skjema! Eg skal vel få grått armband da..?"

Han han vakse slik i sommar at haka no når godt over skrankenivå, og skjemaet har han fylt ut heilt sjølv. Rake trebokstavar med blå kulepenn i små rubrikkar, fem titlar med tilhøyrande forfattar. I haust rykka han opp eit steg i klassane, og i sommar vart han stor nok til å levere skjema på lik line med storebror. Det er klart det blir armband av slikt! Og det er klart at bibliotekarhjarta smeltar litt av slikt; fløymer over, renn ut i bibliotekarens eigen, sildrande bekk av levande leseglede. Det er fint å ha ein storebror å sjå opp til, og eit skjema som bevis på ny lærdom.

Lesekampanjen Sommar + Bok går snart inn i den siste veka for denne gong, og i år, som før om åra, har leseglade born fylt bagasjen og nattbordet med nye bøker å fordøye. Talet på leste bøker er lett å slå i bordet med for å seia eitkvart om kampanjen har vore vellykka eller ikkje, men meir interessant er kva dette initiativet gjer med det einskildet barnet:

Alle dei fine stundene i ein liten heim då rollene blir bytte om, då veslebror les høgt for pappa, og små hender legg det heimelaga bokmerket med den pressa firkløveren sirleg mellom to sider, klart for ny leseøkt når den nye dagen vaknar. Forventinga til morgondagen, meistringsgleda, spenninga over kva som skjer med Jakob når Neikob hoppar inn i bilen til tjuven...

Eller når 10-åringen som lenge har slitt med lesinga finn ut at han har klart å lese ei heil bok om Ottoline, og boka er på 176 sider! Då er vegen til det før så uoppnåelege skjemaet på 100 sider + brått innan rekkevidde, og mor må leggje sylting og ugras til side for å nå bokheimen før dei stengjer for kvelden. Ny skattejakt på overkommelege bøker på over 100 sider må til! Når den sommarbrune armen då endeleg kan pyntast med det gule armbandet (5 bøker på over 100 sider), er sjølvkjensla skinande nypolert, og lesinga har forhåpentlegvis fått ein ny dimensjon for den unge lesaren.

Slik skal vi måle resultat, slike prov må vi kunne vise til for å seie at kampanjen har hatt sin misjon. Og slike prov har vi. Ha ei vidunderleg veke i bærskogen -med eller utan bok på stubben!

Bloggar som veit korleis det gjekk med Jakob: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar