Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. august 2016

Skjeggut debut

Debuterande viskvinne Are
No har eg vore mellombels tilsett ved Lom folkebibliotek i nokre månader. Dette med å debutere på 3 vise kvinners blogg har heile tida vorte ymta frampå av dei vise kvinnene. Eg har grua meg litt til dette, da eg tykkjer dei vise kvinnene skriv så godt på bloggen, og ikkje minst at det er ein blogg på nynorsk. Sjølv er eg romeriking og har ikkje skrive på nynorsk sidan tida da eg sleit med "Spynorsk mordliste" på ungdomsskulen. Berre så det er sagt, så har eg blitt litt visare og noko mindre fordomsfull med alderen, og tykkjer i dag at dialekter er hjelma artigt og at nynorsk er eit vakkert skriftspråk.

I dag da eg kom på jobb ante eg fred og inga fare, før Rita spurde om eg ville sitte ved skranken eller på bakrommet. Eg svara at eg godt kunne sitte ved skranken, då eg ikkje hadde så mykje å gjera som kontorist. Men den gong ei. Dei to vise hadde stukkje hovuda saman og bestemt at nå var det på tide at eg starta blogginga. Eg prøvde å kjøpe meg tid med å si at i så fall måtte eg ha rette klede til bilete i bloggen, men Rita stakk berre heim og ordna med rette klede til fotoseansen.

Så no sit eg her, strevande med nynorsk og med magen full av sommarfuglar, med redsle for å ikkje nå opp til dei vise kvinnene, for fotoseansen og for å bruke for mykje tid på blogginga. Eg lyt fylle ut med litt om meg sjølv. Dykk veit allereie at eg er romeriking (og at eg difor held med LSK i fotball). Det de ikkje nødvendigvis veit, er at eg har vore i Ottadalen sidan 2007, og at eg allereie fyrste året lærde kva "solv" og "hafeille" tyder (mange takk til karane på Stokk & Stein AS for brei dialekt, og Asbjørn Dagsgard for boka "Målet i Lom og Skjåk"). Det har derimot teke omlag 8 år før eg fekk taket på talordet "to". No veit eg at det er tvo gute, tvæ jento og bau tvau.

Ellers lyt eg nevne at eg er over gjennomsnittet oppteke av musikk og teikneseriar (dette er tema eg sikkert kjem attende til i seinare blogginnlegg), at eg har opparbeidd ei diktsamling på utedassen på hytta for å bli betre kjent med norsk poesi, og at eg brukar mykje av fritida på å kaste sendeplater med Flåklypa Sendeplatelag på Medalen Diskgolfbane i Bøverdalen. Eg høyrer på lydbøker kvar gong eg kjører over ein halvtime, og eg tykkjer "Sopranos" er den likaste tv-serien eg nokon gong har sett. Norske Motorpsycho er for meg det beste bandet i verda, Christopher Nielsen, Frank Miller og Neil Gaiman har laga dei beste teikneseriane, Kjell Askildsen, Levi Henriksen, Arto Paasilinna og Terry Pratchett er blant favorittforfattarane. Og eg likar dikta til både Tor Jonsson og Jon Hjørnevik.

3 vise kvinner
Eg trivst hjelma godt på Lom folkebibliotek, og eg vonar at eg etterkvart skal nå dei vise kvinnene opp til skjørtekanten i kunnskap og formidling av litteratur og kultur.

Debuterande viskvinne
Are

1 kommentar: