Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 16. august 2016

Diktardagar. Diktar dagar. Diktardågå.

Tor Jonsson og "Bygda" tema
for Diktardagar 2016.
Turiststraumen er i ferd med å stilne på Bergom. I går da sjefen og eg fann ut at biblioteket var stengd og at vi i grunnen var veldig lei tørre knekkebrød og beisk traktekaffi, leiddest vi åt over brua og inn i freistingar og tok sikte på det vidgjetne bakeriet på andre sida av elva. Men den gong ei. Vi kom til stengd dør. Og når personalet på bakeriet har hatt si velfortente sommaravslutning og for ein dags skuld har låst dørene, veit vi at nok ein sommar er over og at skule, kvardag og tytingsesong ventar.

Og like sikkert som at tytingen blir raud, er det at Diktardagar går av stabelen i Lom, Skjåk og Vågå frå 1-4. september. I år er det hundreårsjubilant Tor Jonsson og tema "Bygda" som får størst merksemd under festivalen. Dagane blir opna med Jonsson-framsyning på Nordgard Aukrust der skjemtegauken Jonsson kjem til sin rett i ord og tonar framført av Aslak Brimi, Hildegunn Hovde, Even Lusæter og Stein Magne Eggen. Fredag spelar Wenche Strømdahl, Hallbjørn Rønning og Jarl Strømdahl frå Trøndelag teater Berre kjærleik og død av Ingar Sletten Kolloen i Skjåk, før Fossheim hotell vartar opp med Diktarmiddag.

Seminaret laurdag er i all hovudsak vigd til tema "Bygda" der Kjartan Fløgstad innleiar med foredraget Norske pennestrøk. Der litteraturen skriv seg frå. Vidare er bygda i populærkulturen, bygda sett frå forskarhald, bygdeutvikling og bygda i framtida tema for foredraga til Marit Aakre Tennø, Mariann Villa og Dag Jørund Lønning. Andreas Hompland og Håvard Teigen leiar seminaret.

Prøysen-biograf Ove Røsbak dreg liner mellom jubilant Jonsson og Alf Prøysen og held årets Tor Jonsson-foredrag ved Stuslegstugu. Laurdag kveld er det festkveld med Hans Børli-entusiastane Sigbjørn Johnsen og Erik Lukashaugen, sistnemnde saman med vår lokale dragspelar, Stein Magne Eggen. Henning Sommerro og John Pål Inderberg er med, yngre krefter frå musikk- og kulturskulane i dei tre bygdene er med, og vi får sjå elevar frå Lom ungdomsskule dramatisere "Liket" av Tor Jonsson.

Berre kjærleik og død, oppsetting med skodespelarar
frå Trøndelag teater under Diktardagar. På Det Norske 24. august.
Laurdagen blir avslutta med bokbad der Magnhild Bruheim skrubbar dei tre forfattarane Guri Sørumgård Botheim, Jens Kihl og Kjartan Fløgstad. Guri, opprinneleg Lesjajente, kom med den kritikarroste diktsamlinga Heime mellom istidene tidlegare i år der ho skriv om det å flytte frå bygda, bu i utlendigheit i byen og lengte heim. Kjartan Fløgstads lange og rike forfattarskap vil vera kjend for dei fleste. I år kom han med boka Etter i saumane. Kultur og politikk i arbeidarklassens hundreår. Jens Kihl er journalist i Klassekampen. Dei siste åra har han reist rundt i heile vårt langstrekte lang og besøkt alle kommunane. Det kan bli bok av slikt, og det vart det. Seinare i haust kjem den store boka om kommune-Noreg. Elevane på ungdomsskulane i Lom, Skjåk og Vågå og elevane på den vidaregåande skulen i Lom får også besøk av kommune-Jens som òg er nestleiar i Noregs Mållag. Svært gledeleg er det også at mållaget har lagt haustseminaret sitt til Lom desse dagane for å sjå om dei møter på sjølvaste bygdedyret.

Sundag blir det Tor Jonsson-messe i Lom stavkyrkje med sokneprest Einar Gelius, Lomsklangen og Sigmund Bråtet. I Skjåk blir det festprogram for ein annan hundreårsjubilant, Aslaug Høydal, der Sol i skuggeskog, Magnus Lilleengen, Magnhild Bruheim, Skjåk songlag og Endre Skjåk opptrer. Elles blir det litterære lunsjar med forfattarane på Bokhandel'n kafé i Vågå og på Bakeriet i Lom laurdag. Programmet for Diktardagar er klart, og vi klappar for billettbestillinga som er i full gang. Så håpar vi å sjå rett så mange av dykk på biblioteket desse dagane òg! Åss gler åss!

Aslaug Høydal 100 år


Rita

1 kommentar:

  1. Hei hei!
    Ville bare takke for alle gode tips og ideer jeg har fått fra bloggen din.
    Gleder meg til å følge deg videre å se hva som kommer☺
    Ta gjerne en tur innom min blogg en gang ;-)
    Hilsen Johanna☺

    SvarSlett