Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. august 2016

Ein kjapp ein

I.P.P.
Hausten er over oss med regn og røsslyng, rot og rydding. I dei solvarme sommardagane som ligg bak oss, har Rita Sommarvikar saumfare kvar einaste bok i fagavdelinga med sitt lærde studentblikk, medan vi andre har gått halvnakne i fjellet og kasta ekko mellom sleipe bergveggar. Ho har vurdert og kassert, handtert og magasinert. Eller rettare; ho har flytta bøker frå hyllene og inn på kontorgolvet. For ein stuttføtt liksomsjef er det såleis no berre flaks at broksaumen held i luftige fotlyft over meterhøge hinder som lyt forserast før ein kan innta komfortabel stilling i sjefskrakken. Men trøyste meg, kor godt det er å ha denne kapasiteten attende! Likast av alt er at ho vil gle oss med sitt selskap heile 40% av arbeidsveka denne vinteren!

Sommarvikar i drift
Lom folkebibliotek går elles spennande dagar i møte, då nytilsetting av ein formidlar er rett rundt hjørnet. Etter at den tredje viskvinna i vår fann det likast å bli bestemor bortimot på fulltid, har vi fridd på folket etter ein kreativ formidlar vi kan få med oss på laget vidare. Med ei utlysing på kun 30% stilling rekna vi med at vi fekk avgrensa søkjartal til jobben, men med eventyrleg utlysingsstunt sett i regi av ein kreativ informasjonskonsulent, strøymde søkjarbreva inn! Heile 22 interesserte frå fjern og nær meldte seg, og vi er gledeleg overvelda av merksemda som vart rundt denne stillinga. Vi ønskjer den nytilsette velkomen i kollegiet, kven det no måtte bli!

Dei neste dagane må også skulane få sine friarbrev, så vi får lister over bibliotekbesøk og bokpratar inn på planen for det komande halvåret. Det kjennest godt å vera i drift att, og vi går verkeleg hausten ljost i møte.

I mellomtida grev vi oss inn på både den eine og den andre bokskatten medan vi ryddar vidare...

Kjapp bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar