Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. juli 2016

Såmmårdagbok

Vi har gått inne i hundedagane. Dette markerer vi i dagens blogg med nokre spreidde notat frå sommardagboka til ein bibliotekar.
  • 8. juli: Ho (7) gler seg til mamma får ferie, for da skal dei til Sværri (utan framtenner)! Men fyrst skal ho heim og lesa for kaninane.
  • 8. juli: Nå blir det Egeland og campingvogn! Mann (47) med sitt breiaste ferieglis.

  • 11. juli: Ingen, ikkje ein gong dei vise kvinner og menn på biblioteket, hadde tippa at Portugal skulle vinne. Vi måtte difor trekkje blant dei 8 som hadde vertsnasjonen Frankrike på 2. plass i EM i fotball. Ingrid Sveinhaug Marstein var dyktig og heldig vinnar av konkurransen.

Gratulerer, Ingrid!
  • 11. juli: I dag har eg lese "Engel i snøen" av Anders Totland. Det synest eg du skuille gjera òg.

13. juli: Det skal ikkje stå på armband!
  • 13. juli: I dag går dei aleine. To små, fine frøkner fyller biblioteknettet med lydbøker: - Åss må låne mange for åss ska kjøre langt! Heilt åt Vimmerby!
  • 13. juli: Ver. Så. God! Jente (8) leverer høgtideleg sitt 100+-skjema. 5 bøker på meir enn 100 sider! Det blir gult armband og stolte ungar av slikt.
Og kunst til bibloteket, Det norske bibloteket, faktisk!
  •  14. juli: Lånte ut "Mi briljante venninne" og "Stoner" i løpet av dei fire fyrste minutta. Fin kombo! Det teiknar til å bli ein bra dag på biblioteket.
  • 14. juli: Bekymringstelefon: Lånar har sendt to bibliotekbøker med ein som skulle levere: - N æ professor, skjøna du, så tenkte det var best å sjekke.
  • 14. juli: Familie frå Oslo fortvila over nedlagt bokhandel i Lom. 11 bøker og ein times bibliotekfryd seinare toppa dei besøket med (trommevirvel) BIBLIOTEKBOKSAR!

  • 15. juli: Var eg ein gud, ville eg skapa ei stillare verd. Der skulle alle linnea.

  • 15. juli: Avslutta bibliotekdagen med å låne ut "Gulldronning, perledronning" og "Ravnene", "Annas himmel" og "Morkels alfabet". Da tek eg knipe ta helg! (Dette er altså eit knippe aldeles nydelege bøker. Så er det sagt.)

  • 19. juli: Ei Siss-jente var innom.
19. juli: Blant verdas vakraste måtar å starte ei bok på? Ja
  • 20. juli: Har akkurat lånt ut "Historien om fru Berg". God tru på at ein ny Rishøi-fan snart ser dagens ljos. Fryd. 


21. juli: Biblioteksåmmår. Såmmårbibliotek.
  • 26. juli: I serien Store og stille gleder for ein bibliotekar, har vi i dag kome til det å sitja i skranken og høyre småprat frå eventyrkroken frå ein bestefar som puslar puslespel med barnebarnet og kameraten til barnebarnet.

Neste veke overtek mine to medsamansvorne styringa, brunbarka og opplagde som berre duracellkaninar og bibliotekarar i sin beste alder kan vera. Sjølv har eg planar om å legge meg til lading i öppnare landskap. So long!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar