Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 19. juli 2016

Kvar vart det av litteraturen i alt mylderet?

Etter blogginnlegget førre veke der vi skreiv om den nye stillinga som formidlar, gjekk det ikkje lange stunda før vi hadde journalistar på tråden. Dette var spennande! Om han kunne koma på raude rappen? Om eg kunne få tak i den ferierande smedfruga? Ja, ho hadde sikkert slikt å gjera. At vi ikkje hadde strigla oss og stilte i pentyet? Tullprat! Ok. Så fekk han koma. Klart vi ville prate om det vi brenn mest for. Den ferierande vart henta ned frå fjellet i hui og hast, fekk på seg flyssa og sat her sommarbrun og smørblomeblid på stubben da journalisten ramla inn døra med kamera og mikrofon i vilden sky. Vi hadde ein lang og triveleg prat, og i går kom det ferdige resultatet på Radio Morgonkvisten 1.50.30 ut i sendinga. Etter å ha utveksla nokre korte meldingar med den ferierande, konkluderte vi med at resultatet vart aldeles lugumt. Vi set pris på at NRK også hadde intervjua leiar i Norsk bibliotekforening, Mariann Schjeide, og dagleg leiar i Norsk forfattersentrum, Ingvild Herzog, om formidling i bibliotek. Men dette er eit tema ein alltid kan tenkje seg å seie enda litt meir om, og det nyttar ein høvet til her.

Ut av hylla!
Vi startar med litt historikk. Da eg begynte som biblioteksjef i 1999 hadde vi fortsatt katalogkort i papir. I helgene hadde eg med utlånskorta heim, såg over bunken og skreiv ut purringar. Vi hadde nesten berre bøker på biblioteket og nokre lydbøker på kassett. Etter det har eg vore med på ei forrykande utvikling. Biblioteka har vore utviklingsorienterte. Det skal vi ha! Vi har prøvd å følgje med i tida og svara på behov som har oppstått i samfunnet. I mi tid som biblioteksjef har vi vore gjennom biblioteket som studiesenter og læringsarena, Lær data i biblioteket, Spill i biblioteket, biblioteket som møteplass, integrerings- og debattarena.

Så gjekk vi på kurs og lærte å selja oss. Folk frå Næringslivet fortalte oss at biblioteka tapte kampen om kundane om vi skulle fortsetja å stå fram som grå og kjedelege med hyller stappfulle av gamle granitolinnbundne bøker og tilsvarande bibliotekarar. Vi måtte vera offensive og frampå. Vi måtte marknadstilpasse oss. Vi måtte bli meir som bokhandlane, redusere samlingane, opening the book og vise framsider; rett og slett bli meir innbydande og sexy.

Så kom litteraturhusbølga og biblioteket vart arrangementsarena, og dei siste åra som biblioteksjef har eg takom til følt meg meir som eit eventbyrå enn som bibliotekar. Eller om det er dette som er å vera bibliotekar nå og i framtida.

Mange har vore aktive og utadretta og gjort biblioteket til ein sentral instuitusjon i kommunane. Det er av det gode i ei tid med hardt pressa kommuneøkonomi. Politikarane vegrar seg meir for å røre ved budsjetta når institusjonen er aktiv, veldriven og viktig for mange. Alt har vore tilpasningar til samfunnsutviklinga for å gjera biblioteka aktuelle, interessante og trekkje folk, helst også nye brukarar og brukargrupper. Alt dette er vel og bra. Vi vil jo at biblioteka skal vera attraktive og bli mykje brukt. Men iblant spør eg meg; kvar vart det av litteraturen i alt mylderet?

Samstundes har heile bokbransjen blitt meir marknadsorientert. Dei store forlaga har kjøpt opp dei små. Vi har fått "Rema-bokhandlar" med lite utval og mykje dilldall. Kriminallitteratur og internasjonale bestseljarar har blitt meir og meir dominerande. På starten av 90-talet var dei mest utlånte bøkene i biblioteka ei blanding av verdslitteratur, norske klassikarar, prisløna litteratur og lettare litteratur innan kjærleiks- og spenningssjangeren. Bokklubbane stod sterkt og stod for opptil 70% av salet av norsk skjønnlitteratur. Fleire av bøkene som toppa utlånsstatistikkane i biblioteka, var nok blant månadens bøker i bokklubbane. Dette var bøkene folk prata om. Dagens bestseljardominans påverkar også den gjengse oppfatninga av kva som er verd å lesa. Lesevanane har endra seg. Det er bestseljarane folk ser omtala i avisene. Det er desse dei pratar med naboen eller kollegaen om. Det er bøker som er lette å like for mange og dei høver godt til underhaldning og avkopling. Det er ofte desse bøkene lånarane spør etter. Det er fullt forståeleg, og eg klandrar korkje lånarar, Jo Nesbø eller Cecilia Samartin for dette. 

Vi treng ikkje front bestseljaraar
på biblioteka. Dei spør lånarane
etter sjølve.
Men det er med bøker som med menneska. Det er ikkje alltid at dei som ropar høgast bør få all merksemd. Det er så mange bøker som blir ståande i hyllene heile sitt bibliotekliv. Det er også dei som aldri kjem ut av kartongane. Det er bøker som får lite merksemd, bøker folk ikkje veit om som fortener eit større publikum. Det er desse vi på biblioteka har eit særleg ansvar for å prate ut av hyllene. Eg håpar at denne tematikken skal få større merksemd i biblioteksektoren, at det å drive aktiv formidling som lova pålegg oss, skal bli ei uttalt hovudsatsing. Å drive aktiv formidling er svært ressurskrevjande for små bibliotek med 1-3 tilsette. Korleis skal desse utfordingane løysast i praksis? Eg drøymer om ei satsing på biblioteket som litteraturarena der bibliotekarane har avsett tid til å sette seg inn i ny litteratur, der det er naturleg å drive prøvesmaking i arbeidstida, der lånarane forventar og får som vane å få gode tips til litteratur, der litteratur er tema på kurs og konferansar, der det finst støtteordningar for bibliotekarar som vil ta etterutdanning innan litteratur og formidling, der det blir satsa skikkeleg på kjerneverksemda i biblioteka. Eg drøymer om ein bibliotekbransje som set litteraturen i høgsetet der biblioteka, store som små, er kvalitetsinstitusjonar for litteraturformidling. Den unnselege litteraturen treng dette meir enn nokon gong. Den noko eldre litteraturen også, så han ikkje forsvinn ut av alle samlingar og går i gløymeboka. Biblioteka, mange med ørande små ressursar, treng å samle seg og spisse kompetansen inn mot litteratur og formidling. Kvalitet går aldri av moten. La oss bli enda betre og best på litteratur igjen.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar