Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 12. juli 2016

Bli med oss og prat bøker ut av hyllene!

Bestemor på heiltid.
Det vil vera ei sterk overdriving å seia at den tredje viskvinna har lagt inn årene, for det har ho aldeles og heldigvis ikkje. Det er rettare å seia at ho har gått inn i bestemødrene sine rekkjer på heiltid, noko vi trur både liten og stor og bestemor vil ha stor glede av i tida som kjem. Vi som knapt veit opp og ned på eit pensjonspoeng, håpar ho vil fortsetja som superbrukar av biblioteket og dele boktips og leseopplevingar med oss. Det er få som har lese så mykje og så variert kvalitetslitteratur som denne viskvinna opp gjennom åra, og vi kjem til å sakne bokkunnskapen og bokpratane som vi ofte starta dagen med. Her kan det vera på sin plass å putte inn ei setning om at sjølv om skranketurninga blir mindre spretten, og sjølv om tyngdekrafta herjar ubønnhørleg med bibliotekarskrottane, så blir dei eigentleg berre betre og betre med åra. It takes a long time to grow a very good librarian. Det kan vi tenkje på i motlause stunder, vi bibliotekarar som byrjar å dra på både år og anna. Vi sender ein stor takk til Torill for innsatsen, for trivelege år i lag, og håpar ho blir ein flittig gjest på biblioteket. Vi skal ha fløytepulveret klart.



Dette betyr at vi er ute etter å finne ny viskvinne eller vismann. Vi søkjer ein bibliotekar som kan prate bøker ut av hyllene til både små og store. Vi legg særleg vekt på god kunnskap om litteratur og gode formidlingsevner, og føyer til i all ubeskjedenheit at arbeidsmiljøet er fullt på høgde med dei beste både i innland og utland. Vil du vita meir om jobben, klikk på biletet under og sjå den eventyrlege utlysinga! Starring: Merete Byrøygard, sjefsbibliotekar Lom folkebibliotek. Regi og ansvarleg produsent: Ola Rossehaug, informasjonsansvarleg Lom kommune. Vi set stor pris på søknaden DIN! Frist: 28. juli.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar