Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

mandag 4. juli 2016

Frå Lom til Lombardia

Lom i utfart.
Nokre bibliotekarar gjer unna ferien før andre får sukk for seg. Det var forresten nokså fort gjort. Ei veke som seg hør og bør for studentar. Turen gjekk frå Lom til Lombardia. Her skal eg dele nokre bibliotekrelevante høgdepunkt med dykk.

Det er skade å brenne så fager ei bygd! Dette utbrotet kom frå Olav den heilage da han i 1021 stod på toppen av Stavebrekka og skoda utover Lomsbygda. Nokre, særleg skjåkverar, vil ha det til at han såg mot Skjåk, men den diskusjonen tek vi ikkje her og nå. Det var forresten før det vart populært med kommunale skilsmisser, så dei to levde lykkeleg i lenker fram til 1866. Anyways, Olav brende ikkje bygda. Han viste seg frå si mest diplomatiske side da han trefte på Torgeir den gamle på Garmo. Torgeir let seg velviljug kristne mot einerett på tess'fisk. Fisken på Tesse er ein særs raudkjøta og god fjellaure, så surra i rømme med graslauk og med raspa gulrøter til, kan ein godt forstå kroppen. Garmo stavkyrkje vart sett opp, og jotunfolket vart, iallfall delvis, kristna. Interesserte kan lesa meir om dette i Snorre. Poenget var at det kan verke meiningslaust å forlate så fager ei bygd nå på sommarstid. Her ser de Lom ved avreise.

All good librarians read good books, har eg høyrt, så etter å ha tråla reisehandbøker, fall valet på retteleg opprinneleg lombardisk litteratur. Inne på magasinet stod sjølvaste Vergil med Lom Folkeboksamling og Norsk kulturfond-merking frå 1967. Aeneiden er eit romersk nasjonalepos som fortel om helten Aineias seglas frå Sicilia via Nord-Afrika til Lavinia, forløparen for Roma. Aineias oppdrag frå gudane var inkje mindre enn å grunnleggje Romarriket. På seglasen driv han først i land i Nord-Afrika, and the moon hits his eye like a big pizza pie når han møter den kartagiske dronning Dido. Etter at plikta vinn over kjærleiken og Dido går på bålet, kjem han til Italia og fullfører sitt guddommelege oppdrag. Vergil blir ofte referert til som den romerske nasjonalskalden, og Aeneiden er eit verk som har inspirert forfattarar verda over i 2000 år.





Pan i godt selskap.

Vel framme i Lombardia var ein av dei fyrste ein gjekk seg på i Milanos gater Knut Pedersen av Skultbakken. I byens mest fornemme og eitt av verdas eldste kjøpesenter, Galleria Vittorio Emanuele II, i bokhandelen Rizzoli Libri, lyste ei særs vakker utgåve av Pan mot meg. Det er i slike stunder ein må le litt inni seg, tenkje på den bratte Skultbakken med berre "nogen få geitfor" og han med sine 252 skuledagar som var "tilfældig født" i Lom eller Vågå, og konstatere at han går sine eigne romanfigurar ein høg gang.

Bibliotekar i Galleria Vittorio
Emanuele II, omkransa av det
hottatse innan haute couture.

Slik har litteraturen gått frå Lom til Lombardia og frå Lombardia til Lom, Vergil og kulturfondutgåva av Æneiden frå 1967 på eit lite landsens bibliotek i Norge, Glahn og Edvarda i ein fornem bokhandel i Milano. Slike litterære vandringar er det fint å tenkje på. Det kan vera at bibliotekaren har meir på hjartet, så ho ser ikkje bort frå at det vil koma fleire lombardiske reisebrev i løpet av sommaren.

At mine to medsamansvorne ligg og slangar seg rundt om i verda eller restaurerer gamle hus og hytter, kva veit eg, betyr fire veker i einsam majestet bak skranken. Dette kan bli i overkant, så eg håpar at folk frå nær og fjern tek turen innom. Bøkene vil også gjerne ut av hyllene, ut i sommaren. Velkomne skal de vera!

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar