To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 29. juni 2016

Kjærleikssorg for ein litterær elskar

Kjærleikssorg. Denne djuptgripande avmaktskjensla som stel all energi, forvandlar alt det vakre, trygge til ei sorg som kjennest botnlaus. Dette fryktelege som riv hjarta ditt i filler i eitt klor, der alt det fine, det vidunderlege tosame, veltar ut og fløymer ned i ein svart avgrunn.

Etterpå. Holet som svir kaldt i bringa, rommet som for all æve var okkupert av denne eine det var meint for, som ingen kan ta over, fylle med ny varme. Aldri vil livet kunne servere eit nytt vesen som kan tangere denne eine, som kan plukke saman hjartesorga, bøte bitane saman att i ein pumpande muskel av frisk kjærleik. Trudde du.

Heilt til mirakelet skjer.

Den livsviktige forteljinga. Bestemor og meg.
Litt i overkant, kanskje, men ei liknande kjensle har eg av og til hatt som litterær elskar. Den menneskelege kjærleikssorga har eg stort sett vore skåna for, men med bøkene har eg opplevd liknande kjensler med ujamne mellomrom: Når boka fyller heile deg, krev deg, vil ha deg når du slett ikkje har tid, kan det kjennest som ei forelsking; heftig, nært, altoppslukande -og litt pinleg. Vaksne, tenkjande menneske let seg då ikkje rive så med av orda til ein framand, la seg pirre så av fantasifigurar og drøyme seg så bort i ville eventyr?

Jau, det er nett det vi kan. Det var kanskje dette som gjorde at fangane i konsentrasjonsleirane heldt ut dagane, det grufulle, uverdige livet, som heldt dei i ande og gjorde trua på framtida levande? Mental stimuli, forteljingar som skapte bilete, draumar, og nørte opp om kjenslelivet så sterkt og levande. Eg trur det er livsviktig.

Problemet er at vi ein sjeldan gong får i hende den Boka som gjer all annan litteratur overflødig, som gjev oss så mykje at vi kjenner oss som nye menneske etterpå, den vi nektar å gje slepp på, late att og aldri opne meir. Vi har opplevd den altoppslukande kjærleiken som ingen andre kan måle seg med. Å ta til på ein ny bok kjennest som eit ork -vi vil leve i draumen enno eit bel. Som i kjærleikssorga.

Lånarar fortel stendig om liknande opplevingar, så eg er trygg på at det ikkje er kun mitt blømande kjensleliv som spelar meg eit puss. Trøysta er som skissert i samband med kjærleikssorga; mirakel skjer! Hyllene i biblioteket gøymer fleire prov på slike mirakel, og vesle meg skal fungere som mellomledd for mirakelet og den sørgjande: Finne den Boka som tek deg vidare, gjer nye ord verd å lese, ta innover seg og vekse på. Eg har tidlegare titulert meg som ein litterær misjonær, men i dag smakar eg litt på tittelen litterær psykolog. Telefonen frå lånaren som i går ringde og rørt kunne stadfeste at eg hadde rett, gjer meg inderleg glad og takksam: Boka eg sende til henne med sjåføren, var eit lite mirakel!

Dersom du har opplevd denne kjensla med ei bok, høyrer vi gjerne frå deg. Fortel oss kva for bok som gav deg kjensla av at livet stogga, at verda var berre boka, deg og historia. Får vi nok tips, kan vi kanskje samle alle i ei litterær kjærleiksliste som kan publiserast på bloggen når hausten krek innpå med myrke kveldar og kvass luft?

Litterær bloggar: Merete, snart i feriemodus.

3 kommentarer:

  1. Det er to som skil seg ut: "Ein bøn for Owen Meany" av John Irving. Som eg las i det svake skinet frå eit kupélys i bilen medan far køyrde oppover Gudbrandsdalen på veg heim til julefeiring i Ålesund. Guten med den rare røysta. Det svei i augene eg sat vondt og på skrå, eg var 24 år og eg gråt så eg rista på slutten. Og "Hundre års ensomhet" av Gabriel Garcia Marquez. Eg er ikkje i stand til å seie kva ho handla om, men det er noko av det største eg har lese. Forsåvidt også "Putte i blåbærskogen" av Elsa Beskow. Eg var fem år i barnehagen og medan det blei leika rundt meg sat eg heilt stille midt i og såg på bileta av Putte i skogen. Eg var der i lag med han. Sjølvsagt var eg det.

    SvarSlett
  2. øh....sjølvsagt var det "En bønn for Owen Meany". Bokmål, åff kårs.

    SvarSlett
  3. øh....sjølvsagt var det "En bønn for Owen Meany". Bokmål, åff kårs.

    SvarSlett