Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. juni 2016

Sidan sist

Så er ein atter attende bak skranken på sjølvaste Lom fokebibliotek etter nesten eitt år som student, bibliotekar og pendlar. Dette året blir altfor mykje å fortelja om for ein liten blogg, så vi gjer det punktvis i verste bibliotekarstil; ualfabetisert & usystematisk.


Sidan sist:
- har eg blitt kjend med veldig mange dyktige og hyggelege bibliotekarar og lånarar på Deichmanske bibliotek avd. Lambertseter og på Stortingsbiblioteket (privilegert)
- har eg lært at bibliofil er ei legning som ikkje ligg heilt naturleg for meg (bibliofil= biblioteksystem)
- har eg lært at du ikkje aktiviserer månadskortet på t-banen før det gamle har gått ut (dyrekjøpt)
- har eg lært at studentar over ein viss alder ikkje får studentrabatt (dyrekjøpt)
- har eg gått frå kjensla av å kunne og meistre alt på jobben til å plutseleg kunne ingenting
- har eg aldri følt meg så gjennomført dum på så mange arenaer på ein gong
- har eg tenkt på at det kanskje kan vera sunt eller kanskje ikkje
Sidan sist har vi fått bibliotekplen!

- har eg funne ut at hundrede år og vel så det etter, held Edvarda og Glahn fortsatt mål
- har eg tralla bloddropetrall på bane 4 Bergkrystall
- har eg lært at på NSB Musestille varslar ingen om Otta stasjon (dyrekjøpt)
- har eg lært at det står ein veldig einsam benk på Dovre (kaldt)
- har eg lært drosjetaksten Dovre - Otta
- har det kanskje vore nære på for bibliotekaren, men bilen har kollapsa fullstendig
- har det vore langt mellom bussane på strekninga Otta-Lom
Sidan sist har ho formidla i vilden sky.
- har eg lært at pakker som du gløymer på toget ikkje nødvendigvis blir levert inn på hittegods (dyrekjøpt)
- har pakker som har blitt attgløymde på t-banen heller ikkje dukka opp (dyrekjøpt)
- har buss for tog levd opp til sitt rykte
- har eg funne mitt eige, vesle smultronställe i storbyen

Sidan sist har det rent mykje vatn.
- har eg kome bokheim og gått frå sjef med liten s til meinig madam
- har ho, Sjefen, styrt skuta med vind i segla, med trygg og imponerande arbeidssam hand
- har eg tatt av meg hatten for ho gong på gong
- har tre vise fått skjegg
Sidan sist har tre vise blitt til to kvinner og ein Are.
- har vi fått bibliotekplen
- har eg fått nye bibliotekariske idéar om formidling
- har eg søkt ny permisjon for å studere vidare i 60% og jobbe 40% her
- har det rent mykje vatn i elva, men ho fossar like vakkert som før og den herlege lukta av kanelsnurr
- har eg fått mange, mange gode minne, nokre mindre gode, blitt nokre erfaringar rikare og nokre fattigare

Rita

2 kommentarer:

  1. Kort referat, men svært bra. Biblioteket i Lom er nok eit bra bibliotek med interesserte tilsette. Det er så viktig !

    SvarSlett
  2. Takk for det, aariho! At vi er interesserte, det er vi nok. Og det er viktig.

    SvarSlett