Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. juni 2016

Team Trå

Midtbane- og straffespesialist Rita Irene.
Kontoret flyt over av bøker, haugar av tidsskrift dekkjer golvet, kaffien blir kald på kanna og turistane himlar overvelda med augo på kyrkjevollen. Til helga er det fjordingsmarta på plassen utanfor her, og vi skal selja bøker som framleis kan spreie glede, tidsskrift med tips for eitt og hitt, og boksarar som tekkeleg dekkjer naudsynte kroppsdelar. All energi går denne veka med til å rydde ut det vi ikkje har plass til lenger, i tillegg til alle skulebøkene som skal inn, skjema for Sommar + Bok som skal fyllast ut, og ivrige, unge lesarar som trippar jamt etter nok eit nytt armband å pynte handleddet med. Aktiviteten er på topp, og det likaste av alt er at Rita er attende på huset!

Tippeligaen
Ho var nok litt varsam av seg den første dagen i sommarjobben; "Ja, kæ ska e gjera, tru?" Første kommando tok ho på strak arm, og då ho vart utfordra på ei lita utstilling, poppa den eine idèen fram etter den andre att. Sist ut i går var naturlegvis EM. I barndomen minnest eg kor frykteleg fort dei hjulbeinte føtene hennar sprinta over grasmarka på skulegarden i heimbygda. Ho raga høgt over dei bittesmå gutane vi delte lærar med, og sprang galant frå dei på 60-meteren, medan eg sjølv stod mållaus halvt gøymd bak ein blømande hegg og svelgde høysnuenys i frykt for at unnasluntringa skulle bli oppdaga. Då vi kom til den agalaust store ungdomsskulen i Lom, blomstra ho opp som den gryande fotballidioten ho nok alltid hadde vore. Sjølv har eg til gode å sjå ein heil fotballkamp, men unte henne alltid suksessen på banen. Av alle ting skulle ho, truleg på bakgrunn av dette, i går plutslege trompe gjennom ein EM-konkurranse! Bibliotekarane skulle tippe på kven som vinn dei tre topplasseringane i
meisterskapen, og attpå alt hengje opp sine tips til til inspirasjon for alle andre! Borte var all respekt for at ho no faktisk har ein person over seg på huset, eg vart formeleg tvinga til å henge opp lappen med mine vel gjennomtenkte tips, og endåtil skulle vi ta bilete av oss! Øyreflippane hennar formeleg krølla seg opp og inn i øyregongane då eg kom med innbitne protestar... Eg tapte den første kampen med Sjef Rita i sommarjobb, og kunne oppgitt konstatere at både Are og Rita utfalda seg i barnleg fryd over tippinga...
Funskjonell kontorpult.

Då eg kraup under dyna seint i går, kjende eg likevel ei tilfreds, avslappande lykkekjensle kome snikjande inn under huda. Vi er tilbake, tilbake som Team Trå. Og Are har så vidt sett konturane av kva han kan vente seg framover...

Bloggar: Assisterande sjef Merete -med usynleg s


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar