Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 7. juni 2016

Oui, oui!

Sommar + Bok 2016 = fine fargar på armen!
Travle dagar, heit sol, svak gjennomtrekk, ivrige turistar -og ikkje minst; leseglade born som hamstrar bøker til sommarlesinga Sommar + Bok. Kvar efta har vi innom ein gjeng elevar som beinflyg rett på biblioteket for å få boktips, nye skjema og ein skikkeleg bokprat med ein pratesjuk bibliotekar. Det er SÅ triveleg og motiverande for oss som jobbar med dette -dei skulle berre visst korleis biblioekarhjarta smeltar nedover i magen når dei syner slik iver og glede over bøkene! Og det likaste av alt; dei kjem att med bøker dei ikkje likar, og byter ut med andre typer bøker etter ein grundig gjennomgang med vaktahavande i hyllene. Vi skal jo ikkje tvinge oss gjennom ei bok vi ikkje tykkjer om, når det er leseglede vi vil vil fremje! Nokre spør også så vakkert dei kan om ein ikkje kan få det rosa armbandet først, men då blir bibliotekaren litt streng og konstaterer bastant at det rosa armbandet får ein først etter 3 innleverte skjema, og heile 15 leste bøker...

Ingen har så langt nemnt noko om at han ser litt slapp ut i varmen...
Elles har bibliotekaren tjuvglytta både i den franske og den tyske ordboka att, utan nemneverdig resultat i eit
frå før skrint ordforråd inst inne i ein halvskral minnebank frå skuletida. Franskmenn som kjem peikande med kameraet og vil vite alt om han staslege mannen på kyrkjevollen (på fransk, naturlegvis!), og tyskarar som uttrykkjer entusiasme over teaterstykke dei har sett i heimlandet, skrive av ein Ibsen -kva for kar var eigentleg han (på tysk, sjølvsagt!)? I slike tilfelle utfaldar bibliotekaren seg på det mest avanserte i eit velutvikla kroppsspråk supplert med miming og internasjonale lydar, og kan einskilde gonger prise seg lykkeleg at vedkomande utlending nok aldri kjem innom gammelprestgarden meir. Då stikk det litt meire når velkjende sambygdingar står og glyttar frå bak hyllene i undring over kva bibliotekaren slit med i dag...

Sommaren er altså godt i gang på Lom folkebibliotek, Teikneserie-Are er på plass som den tredje vise (mann, rett nok), og ganske så snart er også  SJEFEN på plass att (som sommarvikar, rett nok...). Hui, alle sommarvindar, kor fint vi skal få det!

PS: For ukjende kan vi opplyste om at han staslege mannen på kyrkjevollen altså er Olav Aukrust, og at fotografiet slett ikkje er meint som nokon vits -heller som ein uttrykk for medkjensle for mannen som alltid står på vakt mellom biblioteket og stavkyrkja, uansett ver. Då er det lov å sjå litt slapp ut ein sjeldan gong...

Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar